Styrar - fast 100 %stilling - Prestmarka barnehage
Alver kommune
- Frist 9.2.2025
- Ansettelsesform Fast
Styrar Prestmarka barnehage
Prestmarka barnehage søkjer ein engasjert og dyktig styrar som ønskjer å leie våre tilsette og barn gjennom ein spennande og læringsrik kvardag. Som styrar vil du ha hovudansvaret for barnehagen sin daglege drift, personalutvikling, pedagogisk arbeid og utvikling av barnehagen. Styrar vil arbeide tett saman med ein assisterande styrar i 60% stilling, og vil vere leiar for barnehagen sitt leiarteam.
Vi ser etter ein person som er strukturert, fagleg sterk, omsorgsfull og har eit brennande engasjement for barn si utvikling og lærelyst.
Arbeidsoppgåver
Som styrar i Prestmarka barnehage har du ansvar for
- Overordna ansvar for økonomi, personell og drift
- Leie og utvikle barnehagen sitt pedagogiske og administrative arbeid i tråd med gjeldande regelverk og Alver kommune sine overordna mål
- Sikre godt samarbeid med foreldre, tilsette og eksterne samarbeidspartnarar.
- Tilretteleggje for eit trygt og godt leike- og læringsmiljø for barn, og eit helsefremjande arbeidsmiljø for tilsette
- Sikre at heile personalet i barnehagen arbeider mot barnehagen sine mål
- Å vere ein god rollemodell og rettleiar som kan bidra til å skape eit trygt og engasjerande arbeidsmiljø?
Vidare vil du arbeide systematisk med kontakt med foreldregrupper, lokale arbeidsmiljøgrupper for å sikre et godt partssamarbeid mellom leiar, verneteneste og tillitsvalde, godt arbeidsmiljø og gode tenester. Du vil følge opp verksemdsplanar og delta aktivt i utviklingsprosessar.
Kvalifikasjonar
Ønska kvalifikasjonar og krav:
- Du har utdanning som barnehagelærar eller tilsvarande
- Du er fagleg sterk og kan vise til gode resultat frå utviklingsarbeid/ endringsarbeid
- Du har forståing for økonomi og administrasjon
- Du må ha evne til å tenke heilskapleg og jobbe målretta, samt ha ferdigheiter i bruk av digitale verktøy.
- Du har gjerne vidareutdanning i leiing, til dømes styrarutdanninga.
- Du har gjerne erfaring som leiar frå barnehagesektoren
- Du må ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, og vere ein god relasjonsbyggar
Personlege eigenskapar
Vi søker deg som omsorgsfull og inkluderande i din leiingsstil. Du er ansvarsbevisst og initiativrik, trygg og tillitsskapande, fleksibel og løysingsorientert, og held ditt gode humør og engasjement.
Som person er du strukturert, stabil og modig, og du trivst i miljøet med barn og tilsette.
Du har eit heilskapleg perspektiv på barnehagedrifta. Du deler og formidlar kunnskap på ein trygg og god måte, og har evna til å arbeide både sjølvstendig og i team. Ditt faglege engasjement og målretta arbeidsmetode bidreg til eit inkluderande , positivt og raust arbeidsmiljø.
Vi tilbyr
- Løn etter avtale
- Svært god pensjonsordning i KLP
- Mentorordning for nye styrarar
- Ein spanande leiarstilling i ein av kommunen sine største barnehagar
- Leiarnettverk saman med tenesteleiar og styrarane i dei andre kommunale barnehagane, der ein samarbeider, støtter og utfordrer kvarandre
- Leiarutvikling gjennom leiarsamlingar
Om arbeidsgiveren
Prestmarka barnehage ligg sentralt på Manger.
Barnehagen held til i Prestmarka på Manger og i Solhall ved sida av legekontoret. Barnehagen har gangavstand til idrettshall, symjehall, fotballbaner, bibliotek og flotte turområde.
Barnehagen har 7 avdelingar, 4 på hovudbygget og 3 i Solhall bygget. Det er planlagt samlokalisering av avdelingane med utbygging av Solhallbygget. Arkitektarbeidet er i gang.
Du kan lese meir om barnehagen her
Avdelingane samarbeider på morgonen og ettermiddagen, slik at born og vaksne vert godt kjende med kvarandre.
Barnehagen har eit spesielt fokus på eit trygt og godt leike- og læringsmiljø. Vi ynskjer å fremje positivt samspel og relasjonar mellom barna og mellom barn og vaksne. Dei tilsette har god kompetanse på Dei Utrulege Åra og nyttar dette i det daglege arbeidet. Barnehagen er og i gang med Dinoskulen i førskulegruppa.
Barnehagen har tilgang til Radøyhallen 1 time pr dag slik at alle avdelingane har avsatt tid der. I tillegg får førskuleborna tilbod om vanntilvenning i terapibassenget.
Vi har og eit godt samarbeid med Manger barneskule der dei fleste av førskuleborna våre skal starte på skulen. Det er gangavstand frå barnehagen til skulen.
Bygga har fine uteområde. Avdelingane nyttar og turområder i nærmiljøet. Trygge, bilfrie gangvegar med tilknyting til skog og mark. Sjø og fjell er også i gangavstand. Vi prøver at alle avdelingane har minst ein turdag i veka. Turane er tilpassa barna sin alder og modning og skal gje tid og rom til det barna er opptatt av; vatn som sildrar, eit rart tre, ein traktor, å samle, sortere, samanlikna og så vidare. Vi går og på besøk til kvarandre på tvers av bygga. Det er kjekt å komme på ein anna leikeplass av og til.
- Sektor: Offentlig
- Lederkategori: Leder
- Sted: Radøyvegen 1625, 5936 Manger
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Barnehagelærer
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
barnehage, styrar, pedagogisk, ledelse, leiing
Annonseinformasjon
- FINN-kode 390919867
- Sist endret