Bioingeniør
Helse Fonna HF
- Frist 16.2.2025
- Ansettelsesform Fast
Vil du bli vår nye bioingeniør på flotte Haugalandet? 🌟
Vi søkjer etter ein dyktig og engasjert medarbeidar som vil bli ein del av det flotte laget vårt! Dersom du er ferdig utdanna sommaren 2025, er du hjarteleg velkomen til å søkje på denne stillinga.
🔬 Kva kan vi tilby deg?I avdelinga vår er vi rundt 20 dyktige og trivelege kollegaer som har det kjekt saman. Arbeidsdagane er varierte med rotasjon på ulike arbeidsstasjonar, noko som gir eit spennande og lærerikt arbeidsmiljø. Vi er stolte av det sterke samhaldet vårt og set stor pris på godt samarbeid og trivsel på jobb.
📍 Om stillinga:
Turnusstilling innan transfusjonsmedisin.
Turnus kan i stor grad tilpassast dine behov – oppgi gjerne ønskje i søknaden.
Oppstartsdato kan avtalast, og vi oppmodar nyutdanna til å søkje. Vikariat kan også vurderast.
💡 Kvifor velje oss?
Immunologi og transfusjonsmedisin held til i toppmoderne lokale i 5. etasje i det nye sjukehusbygget. Vi er akkrediterte av Norsk Akkreditering og oppfyller dei høgaste krava til kvalitet og kompetanse i samsvar med NS-EN ISO 15189. Dei avanserte laboratoriedatasystema våre, ProSang og Unilab 700, samt Reveos-automatisert produktframstilling, hjelper oss med å levere arbeid av høg kvalitet.
📞 Har du spørsmål?
Ikkje nøl med å ta kontakt for ein uforpliktande samtale. Vi ser fram til å høyre frå deg!
👉 Søk no og bli ein del av vårt lag!
Arbeidsoppgåver
- Blodtypeserologisk analysearbeid
- Tapping av blodgivarar
- Komponentframstilling
- Blodutlevering
- Andre arbeidsoppgåver ved behov.
- Blodprøvetaking
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som bioingeniør er ein føresetnad
- Erfaring frå transfusjonsmedisin er ein fordel, men ikkje nødvendig.
- Må beherske norsk munnleg og skriftleg på høgt nivå
- Personlig egnethet vektlegges
Hos oss er det viktig at du
- Er ansvarsbevisst, nøyaktig og arbeidssam
- Har gode samarbeidsevner
- Har høg arbeidsmoral
- Trivst i eit aktivt og travelt miljø
Vi tilbyr
- Ein trivelig arbeidsplass med godt miljø og inkluderende kolleger.
- Varierte arbeidsoppgåver
- Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.
- Triveleg arbeidsmiljø
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkar gi til kjenne dette i søknaden
Om arbeidsgiveren
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Bioingeniør
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
bioingeniør, transfusjonsmedisin, Helse Fonna, haugesund
Annonseinformasjon
- FINN-kode 390930295
- Sist endret