Kino og kulturvert
Time kommune
- Frist 10.02.2025
- Ansettelsesform Fast
Kino og kulturvert
Storstova og Bryne kino søkjer etter 3 kino- og kulturverter til ledige stillingar på 18 % fast stilling, 36 % og 15% vikariat.
Arbeidsoppgåver
- Kundeservice i kiosk og pr telefon
- Billettsal
- Påfyll av varer
- Ansvar for å halde salane og lokala ryddige
- Ansvar for påfyll av varer
- Kasseoppgjer
- Kundebehandling ved innslepp
- Vere oppdatert på aktuelle filmar og kulturarrangement
Kvalifikasjonar
Relevant erfaring frå sal og kundeservice vil verte vektlagt.Personlege eigenskapar
Sosialkompetanse, sjølvgåande og initiativrik, løysningsorientert, god evne for samarbeid og fokus på god kundeoppleving.
Vi tilbyr
- Gode pensjonsordningar
- Løn etter tariff/avtale
- Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø
- Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling
Om arbeidsgiveren
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 3
- Sted: Arne Garborgs veg 30, 4344 Bryne
- Bransje: Event og arrangementer, Kunst og kultur, Underholdning
- Stillingsfunksjon: Kundeservice, Salg
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Kino, kulturvert, Kulturhus
Annonseinformasjon
- FINN-kode 390933178
- Sist endret