Sommarvikarar til sjukehusapoteket i Bergen
Sjukehusapoteka Vest
- Frist 11.02.2025
- Ansettelsesform Vikariat
Sommarvikarar til sjukehusapoteket i Bergen
Kan du tenkje deg ein sommar med verdifull erfaring, lønn og sjansen til å bli kjent med farmasien på ein litt annleis måte?
Er du farmasistudent, apotekteknikarelev eller har annan relevant bakgrunn, har du no mogelegheit til åanvende kunnskapen din i praksis, samtidig som du utviklar dine ferdigheiter saman med erfarnekollegaer i eit stimulerande fagmiljø.
Kven er vi?
I Sjukehusapoteka Vest (SAV) jobbar det totalt rundt 350 medarbeidarar, fordelt på fem sjukehusapotek ogein sentraladministrasjon i Bergen. Alle saman bidrar til at pasientar over heile Vestlandet kvar dag fårlegemidla dei treng på ein trygg og riktig måte.
Her på sjukehusapoteket i Bergen er vi cirka 145 medarbeidarar. Vi er ein fin miks av apotekteknikarar, farmasøytar og anna helsepersonell, fordelt på fire ulike avdelingar som arbeider godt og tett saman.
I sommar har vil ledige stillingar for sommarvikarar i produksjonsavdelinga, sjukehusekspedisjonen ogpublikumsavdelinga. I produksjonsavdelinga lagar vi spesialtilpassa legemiddel til pasientar, isjukehusekspedisjon sørger vi for at alle avdelingane på sjukehusa i Helse Bergen får legemidla deitreng, i publikumsutsalet gir vi råd og vegleiing om legemiddelbruk, og besøkande kan kjøpe legemiddelpå eller utan resept
Når i sommar?
Vi ser etter deg som kan arbeide hos oss i perioden 16. juni til 17. august. Du må gjerne jobbe heile denneperioden, iallfall minst fem-seks veker. Fire av vekene må også vere samanhengande. Difor er detkjempefint om du kan skrive i søknaden kva veker du kan tenkje deg å jobbe.
Ta gjerne kontakt om du lurer på noko om arbeidsoppgåver i avdelinga eller har andre spørsmål!
Vi ser fram til å høyre frå deg!
Kvalifikasjonar
- farmasistudentar, med og uten ekspedisjonsrett, og elevar på apotekteknikar linja
- andre studentar/kandidater med interesse for faget og stillinga
- gode norskkunnskaper, både munnleg og skriftleg
- gode IKT-kunnskapar
Personlege eigenskapar
- Vi ser etter deg som har gode samarbeidsevner, er ansvarsbevisst og påliteleg
- Du har eit godt auge for detaljar og er opptatt av kvalitet i arbeidet
- Du er positiv og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- Det vil bli lagt vekt på å vera personleg eigna for stillinga
Vi tilbyr
- sjansen til fagleg og personleg utvikling
- gode og støttande kollegaer
- opplæringa du må ha
- løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om arbeidsgiveren
Sjukehusapoteka Vest (SAV) er eit helseføretak i Helse Vest med om lag 350 tilsette som leverer legemiddel, apotekvarer og farmasifaglege tenester til spesialisthelsetenesta på Vestlandet. Omsetning er på vel 1,5 milliardar kroner. Føretaket har administrasjon i Bergen, og driv fem sjukehusapotek i Førde, Bergen, Haugesund og Stavanger. Sjukehusapoteka Vest satsar på nye teknologiske løysingar og på tenester som bidreg til auka pasienttryggleik, betra kvalitet og meir effektive tenester i sjukehusa.
Sjukehusapoteka Vest HF skal så langt råd er avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sjå nettsida vår for meir informasjon www.sjukehusapoteka-vest.no
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 12
- Sted: Jonas Lies vei 89, 5021 Bergen
- Bransje: Farmasi og legemiddel
- Stillingsfunksjon: Apotektekniker, Farmasøyt
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
sykehus, sommer, ferie, apotek, student
Annonseinformasjon
- FINN-kode 390940637
- Sist endret