![Lid Jarnindustri AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/default/2025/2/vertical-0/04/9/391/064/899_d517b22a-256e-44e5-b0c7-1de7331248b3.png)
Lakkerar
Lid Jarnindustri AS
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Fast
Lakkerar
Bedrifta søkjer med dette etter ein person for lakkering av produkta våre. Du må pårekne skiftarbeid i hektiske periodar, og du vil få grundig opplæring. Du er del av eit team på 5 personar som arbeider med lakkering og sandblåsing av produkta våre.
Me ser gjerne at du har personleg initiativ, er strukturert og arbeider nøyaktig. Det er også viktig at du kan vise ei positiv haldning i ein hektisk arbeidssituasjon.
Om arbeidsgiveren
Lid Jarnindustri AS er ei mekanisk produksjonsbedrift med ein moderne maskinpark. Hovudvekta er serieproduksjon av maskiner og utstyr for landbruk, skogbruk og anlegg. Bedrifta har kring 70 tilsette, og opplever for tida god respons i marknaden. I 2024 var omsetninga på 180 millionar kroner. Dei tilsette har fri både i jule- og påskehelga, inneklemde dagar, og 4 veker fellesferie om sommaren. Me har opplegg for timekonto, og det er AFP - ordning.
- Nettverk: Facebook
- Sektor: Privat
- Sted: Steine 35, 5600 Norheimsund
- Bransje: Industri og produksjon, Verksindustri
- Stillingsfunksjon: Maler/Tapeserer, Mekaniker, Mekanikk og installasjon
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
lakkering, lakkerar, strukturert, nøyaktig, overflatebehandling
(1/3)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 391064899
- Sist endret