Assisterande rektor
Sunnhordland folkehøgskule
- Frist 27.2.2025
- Ansettelsesform Fast
Assisterande rektor ved Sunnhordland folkehøgskule frå 01.08.25
Vil du jobbe i leiarteamet på Sunnhordland folkehøgskule? Den kreative skulen her på vestlandet!
Sunnhordland folkehøgskule er ein frilynt skule som er eigd av Foreininga Sunnhordland folkehøgskule. Skulen har ein over 100 år gammal skuletradisjon og mange tusen elevar har gått hovudkurset hjå oss.
Det kreative står i sentrum hos oss og me ynskjer for elevane våre at dei skal utvikle både kompetanse og kreative evner i samarbeid med lærarane. Alt i eit skapande miljø der estetiske fag står i fokus. Me freistar å gje elevane kunnskap og erfaring som er verdifull både i høve vidareutdanning og yrkesval og har difor valt mottoet; Gjer draumane dine til noko å leve av.
Til neste år tilbyr me desse linjefaga; Kunst+, Skuespiller, Smykkedesign, Musikk, Ny folkemusikk, Game Music, Game Art, Game design.
Skulen søkjer etter ny assisterande rektor frå 1.august 2025.
Vår noverande assisterande rektor, Clive Anderson, går av med pensjon, og me søker no etter ein engasjert, inkluderande, løysingsorientert og tydeleg person som vil vera med å utvikle skulen vidare. Dette er ein unik moglegheit for ein erfaren leiar som ivrar både for undervisning, for dagens ungdomar og for korleis deira skulekvardag kan påverke framtidsvala dei skal ta.
Me tilbyr:
- Ei utfordrande og meiningsfull stilling i eit spennande læringsmiljø
- Gode lønns- og arbeidsvilkår
Arbeidsoppgåver:
- Delta i den overordna leiinga og administrasjonen av skulen.
- Samarbeide om utvikling av skulen sine mål, skulen sitt fagtilbod, og det pedagogiske utviklingsarbeidet.
- Ha tett kontakt med dei ulike avdelingane, samt vere eit bindeledd mellom elevane og dei tilsette. Det sosialpedagogiske arbeidet er viktig her.
- Undervisning i estetiske fag.
- Arbeide for eit godt læringsmiljø for elevane og eit godt arbeidsmiljø for dei tilsette.
- Administrative oppgåver og informasjonsflyt.
- Ansvar knytt opp til elevane, eksempelvis fråvær, elevråd, reiser, vitnemål med meir.
- Vikarinnkalling
- Marknadsføring og informasjonsarbeid, samt representasjon av skulen.
- Arbeide for høg kvalitet på undervisninga og eit trygt læringsmiljø.
- Samarbeide med leiarteamet om god økonomisk drift heile året
- Byggje og vedlikehalde relasjonar med elevar, foreldre, lokalsamfunnet og samarbeidspartnarar
Kvalifikasjonar:
- Relevant høgare utdanning innan pedagogikk, leiing eller andre relevante felt.
- Leiarerfaring, gjerne innan utdanningssektoren.
Om Halsnøy
Halsnøy er ei øy med ca. 2000 innbyggjarar. Halsnøy ligg heilt sør i Kvinnherad kommune i Vestland fylke. Øya blir ofte kalla «Perlo» eller «Basarholmen». Det er fleire tettstader på øya, men det er Sæbøvik som er sentrum. Her finn ein matvarebutikk, gåve -og leikebutikk, brukthandel, bakeri, frisør, treningsstudio, trelastvarer og Halsnøy Kulturhus, for å nemne noko.
På Halsnøy finn ein turistattraksjonar som Halsnøy Kloster, Radiohola, Halsnøy historiske senter og Klokkesteinen. Øya har mange flotte turmoglegheiter og rundt øya finst det mang ein god bade – og fiskeplass.
Frå Halsnøy er det undersjøisk tunell over til Sunde og fastlandet. Du kan reise ferjefritt til Oslo om du vil, eller du kan ta hurtigbåt nordover mot Stord, Bergen etc. Haugesund er heller ikkje meir enn eit par timar unna.
Søknad og CV sendes til rektor@sunnfolk.no, innan 27.02.25
Om arbeidsgiveren
Folkehøgskule med hovudvekt på estetiske fag.
Verksemda er bunden av tariffavtale med Virke gjennom Landsovereinskomsten for utdanning.
- Nettverk: Facebook
- Sektor: Privat
- Lederkategori: Leder
- Sted: Naustvikvegen 26, 5455 Halsnøy kloster
- Bransje: Forskning, utdanning og vitenskap, Kunst og kultur, PR, informasjon og kommunikasjon
- Stillingsfunksjon: Inspektør, Ledelse, Rektor / Ass. Rektor
- Arbeidsspråk: Norsk, Engelsk
Nøkkelord
rektor, utdanning, ledelse, administrasjon, undervisning
Annonseinformasjon
- FINN-kode 391073536
- Sist endret