Ziplineoperatør, mekaniker og sjåfør
Flåm Zipline AS
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Sommer/Sesong
- Timelønn 235 - 260 kr
Nordens lengste Zipline søker operatørar, sykkelmekanikarar og sjåførar!
Me søker no etter operatørar, mekanikarar og sjåførar til årets sesong! Me kan garantere deg ein sommar i fantastiske naturomgivelsar og ein jobb litt utanom det vanlege.
Så kva innebærer jobben eigentleg?
Hjå oss kan du komme innom fleire arbeidsoppgåver. Alt frå billettsal og sykkelutleige til ein luftig start på dagen ned Ziplinen. Køyre UTV, transport av syklar, vedlikehold av syklar, ta av og på seler på kundane - på topp-punktet eller ved endestasjonen.
Sikkerheit er topp prioritet hjå oss. Du må klare å være fokusert på arbeidsoppgåvene.
Kundar skal kjenne seg trygge på dei som arbeider hjå oss, så god kommunikasjon og godt fokus er viktig.
Kort oppsummert ser me etter deg som:
- Er over 18 år
- Har førerkort klasse B
- Tåler litt vind og vær!
- Som ikkje har høgdeskrekk - kan være ein fordel, men er ikkje eit krav ;)
- Er glad i å jobbe med folk
- Er serviceinnstilt
- Klarer å jobbe fokusert under press
- Klarer å behalde ro i til tider stressande situasjonar
- Snakkar norsk eller engelsk
-I tillegg til operatørar på ziplinen trenger me mekanikarar til å reparere og vedlikeholde syklar og sjåførar til å transportere syklar. Her ser me etter deg som har:
- Erfaring frå mekanisk arbeid, gjerne erfaring med syklar
- Førerkort klasse B
- Snakkar norsk eller engelsk
-Me trenger også personar til å jobbe i kiosken vår, her ser me etter deg som er:
- Glad i å jobbe med folk
- Serviceinnstilt
- Snakkar norsk eller engelsk
Tidsperiode:
02.05-11.10 men også for kortare periodar
Så, viss dette ikkje høyres så aller verst ut, og du kjenner deg att i våre beskrivelsar vil me gjerne høyre får deg! Me har ledige rom i Aurland.
Om arbeidsgiveren
Lengde: 1381 meter
Toppfart: omlag 100 km/t
Høgdeskilnad: 305 meter
Ziplinen startar på Vatnahalsen, like ved Bergensbana. Den endar opp i Kårdalen ved Rallarrosa stølsysteri, øvst i Flåmsdalen. Bygge- og oppstartsår: 2018.
- Nettverk: Facebook
- Sektor: Privat
- Antall stillinger: 25
- Sted: Flåmsdalsvegen 145A, 5743 Flåm
- Bransje: Bil, kjøretøy og verksted, Event og arrangementer, Reise og turisme
- Stillingsfunksjon: Kundeservice, Mekaniker, Mekanikk og installasjon
- Arbeidsspråk: Norsk, Engelsk
Nøkkelord
Turisme, Sommerjobb, fornøyelsespark, zipline, sesongarbeider
(1/9)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 391079466
- Sist endret