Sosionom - 100% fast stilling, Kompleks Rehabilitering Sandviken
Helse Bergen
- Frist 18.02.2025
- Ansettelsesform Fast
Sosionom til Kompleks Rehabilitering Sandviken
Ledig 100% fast stilling som sosionom ved Seksjon Kompleks Rehabilitering Sandviken (KRS)
Avdeling for spesialisert psykosebehandling søker ein engasjert og dyktig sosionom til 100% fast stilling ved Seksjon Kompleks Rehabilitering Sandviken (KRS).
Om seksjonen:
Seksjon Kompleks Rehabilitering Sandviken (KRS) held til på Dr. Martens i Sandviken og har 8 døgnplassar og er organisert i to grupper:
- Éi gruppe gir tilbod til personar som har ein kombinasjon av psykose og psykisk utviklingshemming eller utviklingsforstyrring
- Den andre gruppa arbeider med personar som har psykoselidingar kombinert med kompliserande tilstandar
Seksjonen driv målretta rehabilitering for å styrke pasientane si evne til å meistre bustad, dagleglivets aktivitetar og utfordringar. Dette skjer i eit tett samarbeid med innsøkande instansar og kommunale tenester.
Vi jobbar i tverrfaglege team beståande av vernepleiarar, sjukepleiarar,hjelpepleiarar, sosionom, lege, psykiater og psykologspesialist. Sosionomen tar del i det tverrfaglege behandlingsteamet og skal medverke medsosialfagleg kompetanse i utforminga av det heilskaplege behandlingstilbodetfor den enkelte pasient og i møte med deira pårørande.
Arbeidsoppgåver
- Hovudoppgåva til sosionomen er å halde kontakt med NAV, kommunale hjelpe- og serviceinstansar, samt andre relevante aktørar
- Sosionomen skal gi råd og rettleiing om sosiale og økonomiske rettar, samt praktisk hjelp med søknadar og støtte til å skaffe eller behalde bustad
- Sikre at pasienten sine trygde- og sosiale rettar blir ivaretatt
- Sosionomen er barneansvarleg ved eininga og har hovudansvar for kartlegging og oppfølging av pasientane sine barn
- Sosionom deltar i det tverrfaglege arbeidet ved seksjonen
- Stillinga er knytt til KRS, men arbeidsområdet er Avdeling for spesialisert psykose
- Aktivt bidra til at dei overordna måla og strategiane til Psykiatrisk klinikk og Helse Bergen blir nådde
Kvalifikasjonar
- Sosionom eller sosionom med vidareutdanning innan psykisk helse og rus
- Erfaring frå psykisk helsevern/rusomsorg og NAV er ønskeleg
- Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar
- Søkar må ha fylt 21 år
Personlege eigenskapar
- Du er strukturert, ansvarsbevisst og fleksibel
- Du er løysingsorientert og opptatt av å bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Du har engasjement for fagfeltet og pasientgruppa
- Du bidrar positivt til eit fagleg sterkt og godt arbeidsmiljø
- Du er fleksibel, tåler uforutsigbarheit og har evne til å prioritere i stressande situasjonar
- Du har gode evner til å arbeide i team, delta i tverrfagleg samarbeid og jobbe sjølvstendig
- Du har gode kommunikasjonsferdigheiter, er serviceinnstilt og omgjengeleg
Vi tilbyr
- Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg team som gir gode moglegheiter for både fagleg og personleg utvikling
- KRS har eit godt arbeidsmiljø med mange engasjerte medarbeidarar som legg stor vekt på både fagleg kvalitet og trivsel
- Fleire av våre tilsette har vidareutdanning innan psykisk helse og rus
- Sosionomen på KRS vil vere ein del av sosionomgruppa i Psykiatrisk Klinikk
- Gode pensjons- og forsikringsvilkår
- Lønn etter gjeldande tariffavtale
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Hatleveien 7D, 5038 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Sosionom
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
sosionom, KRS, Kompleks rehabilitering, Sandviken
Annonseinformasjon
- FINN-kode 391082940
- Sist endret