Bildegalleri
Flinta-Lars
Beskrivelse av varen
Det gamle jæren i tradisjon og folkeminne
-Eg har merkelege ting å fortelja om ein merkelege mann. Slik opnar Alfred Hauge innleiingsartikkelen sin i denne boka.
Lars A. Tjøtta (1864-1914) fekk tilnamnet etter all den flinten han fann da han i åretal dreiv oldsak-samling på Jæren. Kjend var han og som omstridd og elska avisskribent og frodig forteljar.
Flinta-Lars fortel om folk og hendingar, om tru og overtru, om originalar, han er eit oppkome når det gjeld segn og soger frå det gamle Jæren. Han kvir seg heller ikkje for å fargeleggja historiene, og han gir rom for det magiske og mystiske.
Han skriv folkeleg og fyndig. Gjennom hans munn og penn får vi eit spennande møte med det gamle Jæren.
Alfred Hauge (1915-1986) har skrive innleiingsartikkelen der han teiknar cit portrett av Flinta-Lars, bygd på dokument og på munnleg og skriftleg overlevering elles. Alfred Hauge har også redigert denne boka og lagt stoffet til rette. Den andre boka, Gamle Jæren», rommar mellom anna ei lang rad jærske ordtak og seiemåtar, og artiklar om hus og byggeskikkar på Jæren med teikningar til, teikna av Lars A. Tjøtta. Pastor Martin Tjøtta Larson har skrive minneord om far sin, der han dreg fram minne frå eigne barneår. Jakob Aano har skrive etterordet der han framhever Alfred Hauge som tradisjonsbærar og litterær fornyar.
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 28.1.2025 kl. 21:55 ・ FINN-kode: 391181470