Lærer
Vaksdal kommune
- Frist 01.03.2025
- Ansettelsesform Vikariat
Undervisningsstillingar skuleåret 2025-2026 1-7.trinn
Elevane våre fortener dyktige og engasjerte lærarar!
Viss du er ein av dei, så ynskjer Vaksdalskulen deg som søkjar til ledige undervisningsstillingar, vikariat og/eller faste, frå august 2025. Både heiltid- og deltidsstillingar kan bli aktuelt.
For enkelte stillingar kan det verta aktuelt med tidlegare tilsetjingstidspunkt.
Rekrutteringa startar i løpet av mars og vil halde fram fram til skulestart.
Arbeidsstad
Vaksdal kommune har 5 skular; 2 kombinert skule (1-10 trinn) og 3 barneskular (1-7 trinn), som du kan få nærare opplysningar hjå:
Stanghelle skule: Rektor Kari Vaksdal Faugstad, tlf. 922 20 416
Vaksdal skule: Rektor Agnetha Olsen Brekkhus, tlf. 975 80 059
Dale skule : Rektor Malin Sæterdal, tlf. 980 77 773
Stamnes oppveksttun: Rektor Lars Sveinung Lid, tlf. 915 13 114
Eksingedalen oppveksttun: Rektor Liv Anne Bergo, tlf. 976 53 458
Set gjerne opp ein bestemt skule dersom du har ein preferanse og om du har høve til å starte før inneverande skuleår er omme.
Vi ynskjer å tilsetje stabile, positive, velkvalifiserte og dyktige lærarar som
- er tydelege klasseleiarar og har evne til å skapa gode relasjonar
- set eleven sitt beste i sentrum
- vektlegg tilpassa opplæring
- har god læreplanforståing og vurderingspraksis
- har gode samarbeidsevner
- er sjølvstendige, reflekterte, fleksible og tar ansvar
- har godt humør
Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar.
Vi oppmodar menn til å søkja.
Dei som skal tilsetjast må leggja fram tilfredsstillande politiattest. Desse må leverast snarast etter eventuelt tilbod om tilsetjing og før tiltreding.
Krav til kompetanse
- Godkjent undervisningskompetanse (allmennlærar/grunnskulelærar)
- God digital kompetanse
- Søkjarar som har undervisningskompetanse i fleire av følgjande fag vil bli føretrekt; matematikk, norsk og engelsk. For å undervise i faga norsk, engelsk og matematikk på barnetrinnet må ein ha 30 studiepoeng som er relevant for det aktuelle faget
- Me ser særleg etter personar som har kompetanse i den første lese- og skriveopplæringa
- Søkjarar med anna relevant utdanning/erfaring kan ved behov bli vurderte
Vaksdal kommune kan tilby
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
- Arbeidsplassar kor verdiane respekt, tillit, kompetanse, løysingsorientert står i fokus
- Spanande og utfordrande stillingar
- Gode og kvalifiserte fagmiljø
- Løn i tråd med tariffavtaleverk
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Video: https://www.youtube.com/watch?v=ilq_c2fKmZQ
Slik søkjer du
Elektronisk søknad. Klikk på "Søk stillinga" og følg vidare instruksjonar.
Kontaktperson
Direkte til ein av rektorane eller til:
Jill Bru Johansen, einingsleiar skule
Mobil: 45376534, jill.johansen@vaksdal.kommune.no
Om arbeidsgiveren
Vi har lange tradisjonar for å nytte nærmiljøet vårt aktivt i læringa og for å samarbeide på tvers av skulane våre.
Vi satsar ekstra på
- Lesing og har felles leseplan i samarbeid med PPT
- Inkluderande læringsmiljø, PALS og MOT
- Fysisk aktiv læring (FAL) i eit inkluderande perspektiv
Kunnskapsreiser mot vald og overgrep
I Vaksdal kommune er vi opptekne av å ha framtida i sentrum. Vi tilbyr spanande moglegheiter for utvikling og karriere.
Gjennom engasjement bidreg våre tilsetje kvar dag til at Vaksdal er ein god kommune å leve, bu og arbeide i.
Vi er opptekne av innovasjon og er langt framme på digitalisering.
Du finn oss sentralt, mellom Voss og Bergen, og det er enkelt å reisa hit med tog og bil.
Vaksdal kommune ynskjer at arbeidsstaben skal spegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, kulturell bakgrunn, hol i CV-en eller funksjonsevne.
Nokon av Vaksdal kommune sine stillingar kan ha eigne helsekrav og fysiske krav.
Etter offentlegheitsloven § 25 andre ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om søkjaren har bede om å ikkje stå på søkjarlista.
Vaksdal kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling.
Attestar og vitnemål må legggast ved søknaden.
Høgare utdanning gjennomført utanfor Noreg må vere godkjent av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Godkjenninga må dokumenterast.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 3
- Sted: Konsul Jebsensgate 16, 5722 Dalekvam
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Helse og omsorg, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Lærer/Lektor, Omsorg og sosialt arbeid, Undervisning og pedagogikk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 391210109
- Sist endret