Kontrollingeniør
Statens vegvesen
- Frist 13.2.2025
- Ansettelsesform Fast
Er du opptekne av å ta vare på det me har? Me ser etter ny kontrollingeniør!
Som ein del av oss i Statens vegvesen vil du delta i arbeidet med nullvisjonen - null hardt skadde og drepte i trafikken. Dette har vi med oss på jobb kvar dag - og gjer arbeidet vårt meiningsfullt.
Vi står framfor ei spennande tid med mange tiltak for utbetring av riksvegnettet vårt - for å betra mellom anna trafikktryggleik og framkomst. Me ser etter deg som ønskjer ein variert kvardag med utfordringar og problemstillingar på ulikt detaljnivå.
Hos oss vil du bli ein del av ein hyggjeleg og kunnskapsrik gjeng - og du vil arbeida tett saman med byggjeleiarar og prosjektleiarar. Som kontrollingeniør vil du vere ein del av byggjeleiinga, med ansvar for å følgja opp kontrakten med entreprenør.
Dine arbeidsoppgåver vil blant anna vere:
- ansvar for utarbeiding av kontrollplanar og gjennomføre kontrollar etter fastsatt kontrollplan
- Rapportere og følgje opp kvalitet
- vere ein del av byggeleiinga som føl opp kontrakt med entreprenør
- jobbe i digitale verktøy bl.a. innsyn og kontroll i digitale modellar av det som er prosjektert og som skal byggast
- delta aktivt i HMS-arbeidet
Vi har eit godt og inkluderande fagmiljø, og vi vil gje deg god opplæring og oppfølging.
Kontorstad for denne stillinga vil vere Voss.
Kvalifikasjonskrav
Vi ser etter deg som har minimum treårig og relevant ingeniørutdanning på universitets- eller høgskulenivå. Det er også naudsynt at du har førarkort klasse B. Du har god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk. Omfattande og relevant erfaring innafor de aktuelle fagområda kan kompensere for manglande formell utdanning.
For kandidatar med sterk og allsidig praksis frå dei aktuelle fagområda, eventuelt etterutdanning og gode personlege føresetnader for stillinga, kan kravet til utdanning vurderast fråviket.
Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetting av papira dine og godkjenning frå HKDIR (https:hkdir.no/utdanning-fra-utlandet).
Kven er du? Vi ser for oss at:
- du har interesse for og engasjement innan bygging og vedlikehald av veg - for det er dette me driv med kvar dag
- du bør ha interesse og engasjement for bruk av digitale arbeidsverktøy - som vil bli ein viktig del av arbeidskvardagen
- du er sjølvstendig og har gjennomføringskraft - for det er viktig å kunna ta gode avgjerder utan unødig opphald
- du samarbeid godt med andre - for her vil du møte på tverrfagleg samarbeid og ulike menneske, med ulik kompetanse
Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av papira dine og godkjenning frå HKDIR (https:hkdir.no/utdanning-fra-utlandet).
Kvifor skal du velja oss?
Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidsretta løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver og du vil få utvikle deg, både fagleg og personleg, i takt med nye utfordringar i samfunnet. Vi tek godt i mot deg, og du blir ein del av eit fellesskap med godt arbeidsmiljø i heile landet.
Vi tilbyr deg også desse goda:
- fleksitid og gode ordningar for å avspasere
- god pensjonsordning og moglegheiter for lån i Statens pensjonskasse
- moglegheit for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitet
- gode moglegheiter for fagleg påfyll
Lønn blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.
Krav til søknaden
Fyll ut felta "Utdanning" og "Arbeidserfaring" og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.
Positiv særbehandling
Statens vegvesen verdset mangfald og ønskjer ein inkluderande arbeidsplass. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkja. Kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn vil få moglegheit for positiv særbehandling. Les meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.
Søkjarlista er offentleg
Dersom du ynskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Viss vi ikkje kan ta ynsket ditt til følgje, tek vi kontakt med deg.
Har du spørsmål om stillinga?
Kontakt seksjonssjef Tone Anette Espe på telefon 95948075
Om arbeidsgiveren
Statens vegvesen fører an i utviklinga av eit framtidsretta, effektivt, miljøvennleg og trygt transportsystem. Vi byggjer, driftar og held ved like riksvegane i landet, og vi tar vare på heilskapen gjennom det nasjonale ansvaret vårt for beredskap på veg, og ved utvikling av eit tydeleg regelverk og standardar for alle.Gjennom arbeid og tilsyn med trafikantar og køyretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tenester sikrar vi trafikantane og næringslivet ein tryggare, enklare og grønare reisekvardag.
Verksemda vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjonar.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Flyplassvegen, 5705 Voss
- Bransje: Bygg og anlegg, Konsulent og rådgivning, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Bygg/Anleggsleder, Bygge- og anleggsteknikk, Ingeniør
Nøkkelord
kontrollingeniør, byggeledelse, kontraktsoppfølging, ingeniør, vegbygging
(1/2)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 391221495
- Sist endret