Forskingsmedarbeidar/ Forskingskoordinator
Helse Bergen
- Frist 16.02.2025
- Ansettelsesform Engasjement
Forskingskoordinator/- medarbeidar
Vi søker ein forskingsmedarbeidar-/koordinator i eit 100% engasjement i forskingsprosjektet "Affektive svingninger ved nevropsykiatriske lidelser". Engasjementet varer ut 2026. Vi ser etter ein person med interesse for psykisk helsearbeid og erfaring frå både forsking og klinikk.
Stillinga inneber rekruttering, kontakt og innsamling av kliniske data frå deltakande pasientar, samt koordinering og samarbeid med prosjektmedarbeidarar og samarbeidspartnarar, både internt og eksternt. Personlege eigenskapar og datakunnskapar vil bli vektlagt. Prosjektet er ein klinisk studie, og del av eit europeisk samarbeidsprosjekt (Dynamics of Affect Modulation in Neurodevelopmental disorders - DynaMoND), med anerkjende sentre lokalisert i Tyskland, Spania, Italia og Sveits. I Noreg er prosjektet lokalisert til Kronstad DPS i Bergen, og blir gjennomført i samarbeid med kollegaer ved Haukeland universitetssjukehus og Universitetet i Bergen (UiB). Som ein del av prosjektgruppa vil du arbeide saman med eit tverrfagleg team beståande av både klinikarar og vitnskaplege tilsette.
Arbeidsoppgåver
- I rolla som forskingskoordinator vil du bli ein sentral del av prosjektgruppa, og forventast å halde oversikt og flyten i dei ulike deler av prosjektet og dets medarbeidarar
- Du vil også jobbe sjølvstendig med viktige oppgåver knytt til rekruttering, inklusjon og oppfølging av deltakarar
- Det skal samlast inn data frå spørjeskjema, mobile einingar (mobiltelefon og smartklokke), blodprøvar og frå samtalar med pasientane
- Du må bidra i bearbeiding og analyse av innsamla data
- Kvar deltakar skal følgast tett gjennom eit helt år, noko som stiller krav til god støtte og motivering undervegs i prosjektperioden
- Stillinga krev ein viss grad av fleksibilitet med omsyn til arbeidstid, men inkludering av deltakarar vil gå føre seg på kvardagar
Kvalifikasjonar
- Relevant mastergrad, profesjonsstudium eller forskingskompetanse innan psykisk helse vektleggast
- Erfaring med kliniske studiar er ein fordel
- Erfaring frå klinikk er ønskeleg
- Du må ha eit sterkt fagleg engasjement og evne til å vere kreativ
- Du må ha gode datakunnskapar
- Erfaring med DIPS er ønskeleg
- Du må beherske norsk og engelsk godt, både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Du må ha evnen til å samarbeide på tvers av ulike fagmiljø
- Du må trivast med å jobbe i skjæringsfeltet mellom klinikk og forsking
- Du må ha evne til å arbeide sjølvstendig
- Du må vere ansvarsbevisst, nøyaktig og strukturert
- Du må ha gode kommunikasjonsferdigheiter
- Du må vere open for nye utfordringar
- Du må vere opptatt av å følge rutinar og retningslinjer
- Du må ha evne til å sjå moglegheiter for å utvikle samt sjå løysingar i kvardagen
Vi tilbyr
- Ein sjeldan moglegheit til å bidra til ny kunnskap innan psykisk helse
- Samarbeid med eit dynamisk, tverrfagleg team av høgt kvalifiserte medarbeidarar
- Varierte arbeidsoppgåver som ledd i eit viktig samfunnsoppdrag
- Eit arbeidsmiljø prega av tillit, openheit og respekt
- Ein arbeidsplass med engasjerte medarbeidarar og meningsfulle oppgåver
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling og nettverksbygging på eit internasjonalt nivå
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Fjøsangerveien 36, 5053 Bergen
- Bransje: Forskning, utdanning og vitenskap, Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Forskning/Stipendiat/Postdoktor
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Forskingsmedarbeidar, Forskingskoordinator, forskningsmedarbeider, forskningskoordinator
Annonseinformasjon
- FINN-kode 391226738
- Sist endret