Journalist
A/S Lokalavisene
- Frist 11.02.2025
- Ansettelsesform Vikariat
Bygdanytt søkjer vikar frå no og til januar 2026
Ein av journalistane våre skal ut i foreldrepermisjon, og vi er difor på jakt etter ein ivrig vikar til redaksjonen vår.
Du må kunne jobbe sjølvstendig, tole å jobbe under tidspress og kunne levere tekst og bilete raskt. Kan du litt om video og likar å filme med mobilen, er det ein fordel. Skriv du både på bokmål og nynorsk, er det også ein fordel.
Du må ha førarkort for bil. Du disponerer gjerne eigen bil, men det er ikkje eit krav.
Stå-på-vilje, godt humør, fleksibilitet og evna til å lære er vel så viktig som ei lang CV i denne jobben.
Vikaren kjem til å jobbe mest på dagtid i vekedagane, men òg ein del på kveld og i helg.
Skriv kort om deg sjølv, legg ved CV og gjerne nokre døme på kva du har gjort før.
Tiltreding snarast. Vikariatet varar til 5. januar 2026.
Bygdanytt ønskjer mangfald blant våre tilsette. Vi oppmodar også dykk med ulik bakgrunn og funksjonalitet til å søkje.
Bygdanytt held til i Indre Arna, berre sju minutt med toget frå Bergen sentrum.
Hos oss får du erfaring som er gull verdt, og ordna arbeidsforhold. Vi dekkjer geografiske område som går frå by til land, og vi dekkjer eit vidt spekter av saker. I vårt område bur det nærare 25 000 menneske.
I klynga vår av lokalaviser finn du Strilen (held til i Knarvik) og Bygdanytt (held til i Indre Arna). Avisene jobbar tett saman – òg med søsteravisene våre Vestnytt og Askøyværingen – har fleire fellesfunksjonar og hjelper kvarandre ved behov.
Om arbeidsgiveren
- Nettverk: Facebook
- Sektor: Privat
- Sted: Ådnavegen 63, 5260 Indre Arna
- Bransje: Medie- og innholdsproduksjon
- Stillingsfunksjon: Journalist
- Arbeidsspråk: Norsk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 391265848
- Sist endret