Lærlingar Produksjon
Ulstein Verft AS
- Frist 28.02.2025
- Ansettelsesform Lærling
Lærlingar Produksjon
Ønskjer du å starte ei spennande maritim karriere med Ulstein?
I Ulstein vil du bli ein av del av eit inkluderande arbeidsmiljø der vi arbeidar saman for å oppnå felles mål. Vi legg stor vekt på trivsel og personleg utvikling, og du vil få støtte og rettleiing frå erfarne kollega gjennom heile lærlingperioda slik du får ei solid kompetanse i ditt fagfelt.
Arbeidsoppgåver
Vi søker etter kandidatar innan desse fagfelta:
- Industrirøyrleggar
- Industrimekanikar
- Sveisar
Med oss vil du få fagopplæring etter læreplan, og erfarne leiarar vil fylgje opplæringa di fram til bestått fagbrev. Arbeidsoppgåvene vil vere varierte og kan blant anna vere:
- Prefabrikkering og montering av ulike konstruksjonar
- Reparasjon og vedlikehald av komponentar
- Dokumentasjon av arbeid og rapportering av avvik
- Samarbeid med andre fagarbeidarar og lærlingar for å løyse oppgåver
Kvalifikasjonar
- Fullført VG2
Personlege eigenskapar
Vi søkjer ein lærling som er initiativrik og tek ansvar for eiga læring og utvikling. Du bør ha ei fagleg interesse, og vere nysgjerrig på å lære nye ting. I tillegg vil samarbeidsevner vere viktig, ettersom du vil arbeide tett i lag med fagarbeidarar og andre lærlingar for å løyse oppgåver. Ei god HMS-haldning er essensiell for å sikre ein trygg arbeidsplass for deg sjølv og dine kollega.
Vi tilbyr
Med oss vil du oppleve eit godt lærling- og arbeidsmiljø der trivsel og utvikling står i fokus. Vi tilbyr fleksitidsordningar som gir deg moglegheit til å balansere arbeid og fritid. Gjennom heile året arrangerer vi ulike velferdsaktivitetar som bidreg til eit godt sosialt fellesskap og styrkar samhaldet blant våre tilsette. Blant anna arrangerer vi sportslege aktivitetar som fjelltur eller volleyballturneringar, sommarfest, julebord eller turar i nærområdet.
Om arbeidsgiveren
ULSTEIN er ein internasjonalt anerkjend leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og visjonen vår er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. ULSTEIN har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre. Konsernet har over 500 tilsette. Ulstein er ei lærlingbedrift og ei av hjørnesteinsbedriftene i kommunen.
Menneska i Ulstein er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdommar, erfaring og bakgrunn skaper eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.
Ulstein Verft bygger og leverer spesialfartøy i hovudsak innan offshoreenergi. Typiske prosjekt er bygging av avanserte skip med stor andel utrusting, som stiller høge krav til prosjektleiing, teknisk kunnskapsnivå og integrasjonskompetanse. Vår ekspertise innan engineering, installasjon og kommisjonering kjem til sin rett innan ettermarknadstenestene våre der vi leverer alle typar ombyggingar, reparasjonar og tørrdokkingar. Saman med Ulstein Elektro Installasjon er selskapet ein del av forretningsområdet Shipbuilding i ULSTEIN, og held ein høg standard innan kvalitet, gjennomføring og leveringspresisjon.
- Sektor: Privat
- Sted: Osnesvegen 110, 6065 Ulsteinvik
- Bransje: Industri og produksjon, Maritim og offshore, Verksindustri
- Stillingsfunksjon: Mekaniker, Produksjon, Rørlegger
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Lærling, Industri, Produksjon, Industrimekaniker, Industrirørlegger
Annonseinformasjon
- FINN-kode 391347252
- Sist endret