
Bioingeniør
Helse Fonna HF
- Frist 30.03.2025
- Ansettelsesform Fast
Bioingeniør? Bli vår nye bioingeniør!
Bioingeniør i vakre Hardanger – vi tilbyr bustøtte for ein god start!
Som bioingeniør hos oss vil du få du ein spennande kvardag i eit moderne laboratorium, der fagleg utvikling og eit godt arbeidsmiljø står i fokus.
Kvifor velje Odda og oss?
- Gode kollegaer: Vi er eit lag som støttar og løftar kvarandre.
- Flyttepakke: Vi hjelper deg med reise- og flyttekostnader (inntil 20.000,-) og dekker husleige dei første 6 månadene (inntil 60.000,-).
- Gunstige turnusbetingelsar: Sikrar deg god balanse mellom jobb og fritid.
- Spektakulære naturopplevingar: Odda byr på Trolltunga, brevandring, kajakkpadling, sykling, fruktgårdar og mykje meir. Perfekt for deg som elskar friluftsliv-
Ta kontakt!
Har du spørsmål, eller ønskjer du ein uformell prat så ta kontakt!
Søk i dag og bli med på laget vårt!🙌
Les meir om kva Odda har å by på: hardangerfjord.com/ullensvang/opplevelser
Arbeidsoppgåver
- Analysearbeid innan generell kjemi, hematologi, koagulasjon og blodtypeserologi
- Blodprøvetaking
- Tapping og produksjon av blod
- Enkle mikrobiologiske analysar
- Delta i vaktordning
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som bioingeniør
- Beherske norsk skriftleg og munnleg
Kva ser vi etter hos deg?
Vi ser etter deg som:
- er sjølvstendig og ansvarsbevisst
- er ein lagspelar som bidreg med godt humør og stå-på-vilje i eit hektisk miljø
- har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- er nysgjerrig og ser etter løysingar
- ønskjer å vekse i rolla di og vere med på å skape eit inkluderande arbeidsmiljø
- er nøyaktig og kan jobbe effektivt og systematisk
Kjenner du deg att i dette? Søk i dag og bli med på laget vårt!
Vi tilbyr
- Turnusordning med mulighet for friperioder
- Faglege utfordringar og høgt fagleg nivå
- Interessante og varierte arbeidsoppgåver
- Godt arbeidsmiljø og engasjerte medarbeidarar
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Veiledning med å finne bustad
Vitnemålsportalen
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå UDIR/NOKUT i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Om arbeidsgiveren
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Sjukehusvegen 10, 5750 Odda
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Bioingeniør
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Odda, bioingeniør, trolltunga, sykehus, hardanger
Annonseinformasjon
- FINN-kode 391353963
- Sist endret