Fagansvarlig for blodbank Odda
Helse Fonna HF
- Frist 30.03.2025
- Ansettelsesform Fast
Bioingeniør? Bli fagansvarlig ved blodbanken vår!
Er du ein engasjert og dyktig fagperson som vil jobbe i blodbanken ved Odda sjukehus?
Som fagansvarleg i blodbanken vil du ha ei nøkkelrolle ved Odda sjukehus, som er ein del av Helse Fonna. Odda ligg i Ullensvang kommune, ein region kjent for si storslåtte natur.
Visste du at regjeringen har foreslått en ordning for delvis ettergivelse av studielån for dem som bor og jobber i Odda? Forslaget er ikke vedtatt ennå, men kan bli en spennende mulighet. Les mer: regjeringen.no.
Blodbanken er akkreditert etter ISO 15189 og samarbeider tett med avdelinga for immunologi og transfusjonsmedisin. Arbeidstida er todelt turnus, men vi kan tilpasse til ei dagstilling dersom det passar betre for deg.
Hos oss får du meir enn ein jobb – du blir ein del av eit samansveisa, fagleg sterkt og engasjert team som samarbeider på tvers av avdelingar. Odda sjukehus er kjent for sitt tette tverrfaglege miljø og gode arbeidsmiljø, der du får høve til å påverke eigen arbeidskvardag og bidra til utvikling innan ditt fagfelt.
Kvifor velje Odda og oss?
- Gode kollegaer: Vi er eit lag som støttar og løftar kvarandre.
- Flyttepakke: Vi hjelper deg med flyttekostnader (inntil 20.000,-) og dekker husleige dei første 6 månadene (inntil 60.000,-).
- Spektakulære naturopplevingar: Odda byr på Trolltunga, brevandring, kajakkpadling, sykling, fruktgårdar og mykje meir. Perfekt for deg som elskar friluftsliv og naturopplevingar.
Ta kontakt!
Vi gler oss til å høyre frå deg! Har du spørsmål, eller ønskjer du ein uformell prat? Ta kontakt med oss i dag. Send gjerne søknaden din – kanskje er det akkurat deg vi ventar på!
Les meir om kva Odda har å by på: hardangerfjord.com/ullensvang/opplevelser
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for tapping, produksjon og blodtypeserologi på Odda sjukehus
- Oppfølging av rutiner og prosedyrer for analysering, tapping, produksjon og utlevering ved Odda sjukehus.
- Kontaktperson Hemovigilans
- Ansvar for at hygienekontroll blir utført
- Ansvar for at mottakskontroll av celler blir utført
- Bestilling av varer innan fagområdet
- Delta i laboratoriets rutinedrift.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som bioingeniør
- Beherske norsk skriftleg og munnleg
- Det er ønskelig med minimum 5 års erfaring som bioingeniør innan transfusjonsmedisin
Kva ser vi etter hos deg?
Vi ser etter deg som:
- er nøyaktig og kan jobba effektivt og systematisk
- har god gjennomføringsevne og er flink til å ta initiativ
- har gode kommunikasjon- og samarbeidsevner
- set pris på å samarbeide med kollegaer
Kvifor skal du velje oss?
Hos oss får du:
- Ein turnusordning med mulighet for friperioder
- Faglege utviklingsmoglegheiter og eit høgt fagleg standard
- Interessante og varierte arbeidsoppgåver
- Eit inkluderande arbeidsmiljø der vi jobber saman for å skape gode resultat.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Hjelp med å finne bustad
Om arbeidsgiveren
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Sjukehusvegen 10, 5750 Odda
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Bioingeniør
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
bioingeniør, fagansvarlig, laboratorie, blodtapping, analysering
Annonseinformasjon
- FINN-kode 391355672
- Sist endret