Baseleiar / avdelingsleiar
Sygnir
- Frist 24.2.2025
- Ansettelsesform Fast
Vil du leie eit kompetent team og vere med på å forme framtida i kraftbransjen?
Er du ein engasjert leiar som brenn for både menneske og fag? Har du lyst til å jobbe med dyktige fagfolk og bidra til utviklinga av det største nettselskapet i Sogn? Då kan dette vere stillinga for deg!
Om stillinga
Som baseleiar for montørbasen i Sogndal vil du få ansvaret for eit team på 13 kompetente energimontørar og lærlingar. Basen dekker eit spennande geografisk område som omfattar fjordspenn, sjøkablar, koplingsstasjonar, kablar og linjenett frå Fjærland, Hella, Frønningen til Kaupanger.
Montørbasen er éin av tre i Sygnir, og det er tett samarbeid på tvers av basane i oppgåver som linjebygging, feilretting og beredskap. Som baseleiar blir du ein del av leiinga i Sygnir og får ei nøkkelrolle i å sikre drift, utvikling og trivsel i avdelinga. Dette er ei stilling for deg som vil kombinere utvikling med praktisk gjennomføring.
Er dette deg?
- Du har relevant fagleg bakgrunn, gjerne innan elektro, bygg og anlegg, frå teknisk fagskule eller høgskule/bachelor. Fagbrev eller erfaring frå energisektoren er ein fordel.
- Du har erfaring med personalleiing og administrasjon, gjerne frå energibransjen. Relevant erfaring frå prosjektleiing, drift, eller teknisk arbeid i andre sektorar er også ein styrke.
- Manglar du leiarerfaring, men er fagleg sterk og motivert for ei leiarrolle? Send søknad likevel. Me støttar deg for å lukkast som leiar.
- Du er strukturert, handlekraftig og god til å prioritere i ein hektisk arbeidskvardag.
- Du ønskjer å skape eit trygt og inkluderande arbeidsmiljø, både fagleg og sosialt. Har gode kommunikasjonsevner og er god på samarbeid.
Dette kan vi tilby
- Spennande stilling i eit energikonsern i vekst
- Moglegheiter til å påverke og vidareutvikle ei viktig avdeling.
- Konkurransedyktige løns- og arbeidsvilkår, inkludert gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Ein arbeidsplass med høgt fagleg nivå og trivelege kollegaer.
Klar for nye utfordringar?
Send oss søknaden din og bli med på vårt lag som driv energibransjen framover!
Om arbeidsgiveren
Vil du vere med på laget til ei verksemd i stadig vekst? Ha ein arbeidsgjevar som trur på framtida og som torer å satse? Då kan Sognekraft konsernet vera verksemda for deg. I Sognekraft-konsernet er me om lag 160 ihuga medarbeidarar. Sygnir leverer ei stabil og sikker straumforsyning til nettkundane i vakker og utfordrande vestlandsnatur. Klimautfordringa har ført til eit stort behov for fornybar energi og forbruket aukar stadig. Sygnir byggjer ut regional- og distribusjonsnettet i Sogn, med stor vekt på effektiv drift. Me i Sygnir er over 80 medarbeidarar. Arbeidsstad er ved hovudkontoret i Vik, eller ved våre andre lokasjonar i Lærdal, Aurland, Balestrand og Sogndal.
Me har tru på ei framtid som etterspør rein energi. Elektrifiseringa aukar behovet for fornybar energi og Sygnir byggjer ut framtidsretta straumnett i Sogn.
Sygnir er eit selskap med ambisjonar og sterke røter i kraftbransjen. Hjå oss blir du ein del av eit arbeidsmiljø som kombinerer tradisjon med nytenking.
- Nettverk: Facebook
- Sektor: Privat
- Sted: Dalavegen 25, 6856 Sogndal
- Bransje: Kraft og energi
- Stillingsfunksjon: Elektriker, Ingeniør, Ledelse
Nøkkelord
ledelse, energi, elektro, kraft, energimontør
(1/3)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 391370504
- Sist endret