Bildegalleri
"Tiden bor ingensteder" - Gerhard Stoltz
Beskrivelse av varen
Boken "Tiden bor ingensteder" av Gerhard Stoltz. Trykket i 2008, 2. opplag. Upagniert.
Selges for 110,- kroner
Porto: 69,- kroner (Postnord)
"Tiden bor ingensteder er en bok om tid, og det er en bok for alle. Bokens lesere strekker seg fra barn til voksne, og den brukes til refleksjon og fordypning, så vel som til høytlesning og taler ved merkedager. Boken inneholder store fargeillustrasjoner fulgt av en poetisk og leken tekst om tiden og hva den har fore. For hva er egentlig tid, hvor kommer den fra og hvor skal den? Boken vant Kulturdepartementets pris for beste billedbok 1993. Denne nye utgaven ønsker nye lesere velkommen til tiden."
----------------------------------------------------------
Stoltz debuterte som forfattar i antologien Åtte fra Bergen (Pax Forlag, Oslo 1969). Allerede dei tidlege skriftene hans var fulle av referansar til reklame, teikneseriar, popsangar, filmar og triviallitteratur. Inspirasjonen frå internasjonal undergrunns- og avantgardekultur er tydelegat Ikkje minst er Per Kirkeby eit sentralt namn i denne samanhengen. Interessa for det banale, for klisjéar og massekultur er gjennomgåande i S. sin produksjon, men referansane er blitt mindre direkte med åra. S. slutta å skriva til fordel for skulpturelle eksperiment som han for første gong viste på utstillinga Ny Bergensskulptur i Galleri 1 1971. Saman med 11 andre unge Bergens-kunstnarar stilte S. ut i Oslo Kunstforening i 1972 under fellesnemninga Bellevue, Bellevue. S. og Bård Breivik stod for eit fellesprosjekt, tydelig influert av anglo-amerikansk konseptkunst, m.a. viste dei eit hol i jorda overført frå Bergen til Oslo som positiv avstøyping. S. arbeidde med konsept- og minimalkunsten i desse åra. Materiala var gjerne billegt skrotmaterial: glas, twist, sand, bly. Men på Kunstgruppa Lyn si utstilling i Galleri 1 i 1972 hadde han med arbeid i både stål og marmor. Rundt 1974 oppgav han skulpturen til fordel for grafikk, teikning og akvarell. Fleire bilde (utst. Galleri 1, 1974) representerte ei systematisk utprøving av fargeverdiar kombinert etter ein spesiell metode. Grafikk har det blitt mindre av etterkvart, både av praktiske grunnar og fordi det i teikning og akvarell er mogeleg å arbeide friare og meir spontant. Elles er det streken som først og fremst særkjenner S. Han leikar med streken, følgjer innfall, stiliserer, skapar mønster og figurar av både dekorativ og forteljande karakter. Paul Klee er nok den einskildkunstnaren som har hatt mest å seia for S. Bilda kan nærma seg det heilt abstrakte, eller dei kan vera konsentrerte om eit slåande visuelt poeng, eller bera i seg paradoks og dobbeltbotna poeng. Underfundige titlar er ofte med til å gje bilda ein tilleggsdimensjon i humoristisk eller ironisk lei. Eit hovudverk hittil er utsmykkinga i Realfagbygget ved Universitetet i Bergen (1980), der han har dekt eit 3 x 12 m2 stort veggfelt med teikning. I 1971 var S. med å skipa Kunstgruppa Lyn som hadde verkstadfellesskap i Finnegården på Bryggen fram til 1980.
https://nkl.snl.no/Gerhard_Stoltz
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 30.1.2025 kl. 13:29 ・ FINN-kode: 391381210