Ferievikar pleiepersonell
Helse Fonna HF
- Frist 16.02.2025
- Ansettelsesform Vikariat
Ferievikar pleiepersonell Odda sjukehus
Drøymer du om å kombinera sommarjobben med nydelege naturomgivnader? ❤️
På Odda sjukehus kan du kombinera arbeid med vakker natur.
Kirurgisk og medisinsk sengepost søkjer etter blide og engasjerte sykepleierstudentar, medisinarstudentar, helsefagarbeidarar og assistentar. Kanskje det er nettopp deg vi leitar etter?
Kirurgisk og medisinsk sengepost har ledig sommarvikariat frå veke 26 tom veke 33. Kan du jobbe fleire veker i strekk? Perfekt!
Vi kan tilby bustad for deg som kjem langvegs fra.
Er du klar for ein sommar du aldri gløymer? Klikk på søkeknappen ☝️
Sommaren i Odda byr på uendelege muligheiter for friluftsliv og nye opplevingar. Klatring, kajakkpadling, fjellturar – du vel! I tillegg er Odda ein historisk industriby ved Hardangerfjorden, omkransa av høge fjell og mektige fjordlandskap. Les meir om Odda her: Guide Odda– Se og Gjøre i Odda
Arbeidsoppgåver
- Arbeidsoppgåvene er varierte og gir store faglege utfordringar i eit trygt mijø. Du får nytte dei kunnskapane som ligg i pleiefaga
Kvalifikasjonar
- Søkarar med pleieerfaring blir prioritert
- Autorisert hjelpepleiar eller student innan sjukepleie/medisin
- Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå.
Personlege eigenskapar
Vi er etter deg som:
- setter pasienten i sentrum
- er praktisk
- er sjølvstendig
- har gode samarbeidsevner
- er serviceinnstilt
Vi tilbyr
- Moglegheit for opplæringsvakter i forkant
- Stillingsstorleik etter avtale
- Gode støttefunksjoner
- Varierte oppgåver
- Godt arbeidsmiljø
- Dyktige kollegaer
Om arbeidsgiveren
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 3
- Sted: Sjukehusvegen 10, 5750 Odda
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
sykepleiestudent, medisinstudent, helsefagarbeider, assistent, pleie
Annonseinformasjon
- FINN-kode 391397990
- Sist endret