Ferievikar pleiepersonell
Helse Fonna HF
- Frist 01.03.2025
- Ansettelsesform Vikariat
Ferievikar pleiepersonell Valen sjukehus og Folgefonn DPS
Kombiner jobb med vakker natur – sommarjobb på Valen! 🌄
Valen sjukehus og Folgefonn distriktspsykiatriske senter (FDPS) søkjer sommarvikarar frå og med veke 26 til og med veke 33. Kan du jobbe fleire veker i strekk? Perfekt!
Vi leitar etter deg som:
- er hjelpepleiar, helsefagarbeidar eller miljøarbeidar
- er sjukepleiestudent eller pleiemedhjelpar
- har lyst å jobbe som assistent på anretningskjøkken
Har du ei spesiell avdeling du ønskjer å jobbe på? Skriv det i søknaden!
Vi tilbyr: Bustad for deg som kjem langvegs fra.
Etter arbeidstid kan du utforske området – til dømes båtturar, fjellturar og andre aktivitetar i den vakre naturen rundt Valen.
Er du klar for ein sommar du aldri gløymer? Vi behandlar søknadar fortløpande -søk allereie no!
Sjå livet på sjukehuset og den spektakulære naturen på YouTube!
Arbeidsoppgåver
- Pasientoppfølging
- Miljøterapi til pasientar som er innlagt på psykiatrisk sengepost
Kvalifikasjonar
- Du må vere minst 20 år
- Det er ein fordel med erfaring fra pleie
- Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå.
Kva ser vi etter hos deg?
Vi ser etter deg som
- setter pasientens behov først
- er oppteken av god pasientbehandling
- ser etter gode løysningar
- er ansvarleg og sjølgåande
- set pris på å samarbeide med kollegaer
Kvifor skal du velje oss?
Hos oss får du:
- moglegheit for opplæringsvakter i forkant
- stillingsstorleik etter avtale
- møblert hybel om du er tilreisande
- gode støttefunksjoner
- varierte oppgåver
- flinke kollegaer som ser deg og som tek vare på kvarandre
Om arbeidsgiveren
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 15
- Sted: Sjukehusvegen 26, 5451 Valen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsefagarbeider/hjelpepleier, Helsepersonell, Vernepleier/miljøterapeut
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
sykepleier, hjelpepleier, helsefagarbeider, miljøarbeider, assistent
Annonseinformasjon
- FINN-kode 391398491
- Sist endret