Sjukepleiar heimetenesta - 100 %
Alver kommune
- Frist 17.2.2025
- Ansettelsesform Fast
Sjukepleiar Lindås heimeteneste - 100 %
Me har ledig 100 % fast stilling som sjukepleiar. Avdelinga har årsturnus og ein jobber ca 16 helger (i snitt kvar 3. helg) i løpet av året.
For eksterne søkjarar tilbyr vi eit rekrutteringstillegg på kr 50.000,- mot to års bindingstid ved tiltrede.
Arbeidsoppgåver
Heimetenesta gjev tenester til brukarar som bur i eigen heim. Kvardagen hjå oss er variert, med stor grad av sjølvstende og fagleg utvikling. Arbeidsoppgåvene til sjukepleiar består blant anna i samarbeid med pårørande, primærkontaktarbeid, ansvarsvakt som sjukepleiar, håndtere akuttsituasjoner, legemiddelhåndtering, sårbehandling, medisinske prosedyrer. Heimetenesta gjev hjelp etter vedtak, samtidig har helsepersonell ansvar for å fortløpande kartlegge endra funksjonsnivå og gje hjelp etter kvar enkelt brukar sitt behov.
Heimetenesta samarbeidar tett med ulike fagmiljø og legg vekt på tverrfagleg samarbeid.
Heimetenesta er framtidsretta og har dei siste åra satsa på velferdsteknologi, mobilt vaktrom, mobil omsorg, digital vaktbok og andre digitale løysingar.
Om avdelinga
Som medarbeidar hjå oss er du ein verdifull tilsett. Me vonar du vil setja preg på, og vera med å utvikla tenestene til det beste for brukarane.
Avdeling Lindås heimeteneste har base på Lindås bu- og servicesenter og gjev tenester i heimen til brukarar i Lindåsområdet.
Kvalifikasjonskrav
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Sertifikat klasse B
- Gode norskkunskapar, både skriftleg og muntleg.
Kven er du?
Me ser etter deg som er:
- Effektiv. Du taklar stress og liker høgt tempo
- Sjølvstendig. Du trives med å ha ansvar og finner løsningar.
- Fagleg sterk. Du beholder roen i uforutsatte/akutte situsjoner og klarer å prioritere.
- Glad i mennesker. Du blir motivert av å jobbe med mennesker og ønsker å bruke faget til det beste for brukar.
- Positiv. Du er ein humørspredar - blant kollegaer og brukarane.
- Framtidsretta. Du ser nye måter å jobbe på, er villig til å gjere ting på ein anna måte og er positiv til digitale løsninger.
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Vi tilbyr
- Engasjerte, flotte og framtidsretta kollegaer
- Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
- Ein aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringar
- Fagleg utvikling
- Årsturnus
- Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
- God pensjonsordning gjennom KLP
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Vi er Alver
Bli kjent med Alver kommune!
Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune
Om arbeidsgiveren
Som medarbeidar hos oss har du ein spanande og varierande arbeidskvardag. Me legg vekt på fagleg kvalitet, og gode tenester ut til brukarane våre. Me skal bidra til at den enkelte skal kunne bu heime så lenge som mogeleg og ha god livskvalitet. «Kva er viktig for deg» samtalen med fokus på auka brukarmedverknad, styrkar målet om å gje «Rett teneste, til rett tid på rett stad»
Heimetenesta har avdelingar i ulike geografiske område; Manger , Frekhaug, Knarvik( 2 avdelingar) , Ostereidet, Alversund og Lindås.
Avdeling Manger og Ostereidet driftar også omsorg pluss bustadar. Kvar avdeling er organisert med eigen avdelingsleiar og fagansvarleg.
Dagsenter til heimebuande er organisert under heimetenesta. Dette er eit tilbod til personar med demensdiagnose og andre med somatisk hjelpebehov. Desse er lokalisert på Manger, Alversund og Frekhaug.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Storbruhaugen 36, 5955 Lindås
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell, Sykepleier
Nøkkelord
sjukepleiar, heimeteneste, velferdsteknologi
Annonseinformasjon
- FINN-kode 391480394
- Sist endret