100% vikariat som einingsleiar
Bjørnafjorden kommune Innbyggarservice
- Frist 21.02.2025
- Ansettelsesform Vikariat
100% vikariat som einingsleiar
Innbyggarservice er ei eining i sektor samfunnsutvikling i Bjørnafjorden kommune, og er kommunen si første linje for kontakt med innbyggjarar og tilsette. Innbyggarservice skal svara på henvendingar til kommunen og vere proaktive for informasjon ut til innbyggjarane.
Innbyggjarservice består av områda;
- Dokumentsenteret med ansvar for post, arkiv og sakshandsamingssystem,
- Kommunetorget som handterer resepsjon og telefon
- Utvalssekretariat for Kommunestyre og politiske utval, med ansvar for tilrettelegging, gjennomføring og oppfølging av møta
- Kommunikasjon med ansvar for nettsider, sosiale medier m.m.
Vikariatet er ledig omgåande med varigheit på 8 månader, med moglegheit for forlenging. Som leiar for innbyggarservice vil du få personalansvar for alle tilsette, økonomiansvar og du rapporterer til kommunalsjef for samfunnsutvikling. I tillegg blir du ein viktig del av samfunnsutviklinga si leiargruppa .
I stillinga vil du få ein variert kvardag med spennande oppgåver. Som bindeledd mellom innbyggjarane og tenesteproduksjonen er det ønskjeleg at du har erfaring og kompetanse frå kommunal forvaltning.
Innbyggjarane sine ønskje om å nå kommunen og dei ulike serviceområda er i endring. Det er difor eit mål at avdelinga skal vere aktiv med å ta i bruk nye løysingar for kontakt med innbyggjarane. Innbyggarservice skal delta aktivt i utvikling av den digitale kommunen og nær dialog med IT Hjelpa og OU i HR -avdelinga blir sentral.
Kompetanse:
- Relevant utdanning på høgskule/universitetsnivå. Lang erfaring kan kompensere for manglande utdanning.
- Ønske om leiarerfaring.
- Krav om erfaring frå kommunal forvaltning
- Opptatt av god service, nye arbeidsmåtar og god organisasjonskompetanse
- Bakgrunn og erfaring blir vektlagt
Personlege eigenskapar
- Du både trivst saman med- og kommuniserer godt med ulike menneske
- Du kan motivere, engasjere og er ein handlekraftig, tydeleg leiar som klarer å vera tett på dine medarbeidarar
- Du er utviklings- og endringsorientert
- Interesse for digitalisering
Vi tilbyr
- Spennande, meiningsfylte og svært varierte arbeidsoppgåve
- Fleksibel arbeidstid
- Lønn etter avtale
Om arbeidsgiveren
Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
- Sektor: Offentlig
- Lederkategori: Leder
- Sted: Torggata 7, 5200 Os
- Bransje: Offentlig administrasjon, PR, informasjon og kommunikasjon
- Stillingsfunksjon: Ledelse
Nøkkelord
einingsleiar, leiar, innbyggarservice, leder
Annonseinformasjon
- FINN-kode 391494828
- Sist endret