Miljøterapeut 100% døgnturnus x4 - Teambaserte tenester
Alver kommune
- Frist 17.02.2025
- Ansettelsesform Fast
Miljøterapeut 100% døgnturnus
Kva vil det sei å kjenna seg heime?
Me ser ikkje berre på heimen som ein fysisk stad, men òg som ein eksistensiell tilstand prega av tryggleik, tilhøyrsel og respekt.
Som miljøterapeut vil du vera med på å hjelpa tenestemottakar, ein ung mann, med å skapa ein heim og koma i kontakt med kjensla av å høyra til.
Du vil få moglegheit til å vera med på å utvikla ei faglegheit som har fokus på å skapa endring gjennom relasjonar, tryggleik, tillit og respekt - me ser på dette som grunnleggjande føresetnader for utvikling!
Me skal jobba målretta for å skapa ein heim i eit miljø der den unge mannen får utvikla seg og ta del i eit liv som opplevast som hans eige. Dette inneber å gi rom for prøving og feiling, utan fordømming, men med støtte og rettleiing. Me trur på å byggja relasjonar over tid og skapa ein atmosfære prega av tryggleik, tillit og respekt.
Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. I teambaserte tenester arbeider me med vår digitale kompetanse, og nyttar teams i vår informasjonsflyt
Arbeidsoppgåver
- Leggja til rette for at den unge mannen kan utøva autonomien sin på ein slik måte at verda opnar seg, framfor at ho avgrensar seg
- Bidra til å etablera gode rutinar og strukturar i kvardagen
- Hjelpa den unge mannen med å utvikla dei nødvendige ferdigheitene han treng for å kunna administrera eit kvardagsliv
- Tilrettelegging for meiningsfulle aktivitetar og arenaer for tilhøyrsel.
- Samarbeida med pårørande, verje og andre instansar.
- Kollegastøtte
- Fagutvikling
- Rapportering
Me søkjer deg som
- Har erfaring med arbeid med ungdom eller unge vaksne med utfordrande åtferd.
- Har gode relasjonelle ferdigheiter og evne til å skapa tillit over tid.
- Er trygg i deg sjølv, handterer krevjande situasjonar med ro og tydelegheit, og tek kloke avgjerder under press
- Har gode kommunikasjonsevner og ser betydninga av både små og store augneblinkar i relasjonsbygging
- Ser moglegheiter der andre ser utfordringar
- Kan reflektera etisk og fagleg over komplekse problemstillingar (dette vil bli vektlagt i intervjuet).
- Har interesse eller kompetanse innan aktivitetar som gaming, praktisk arbeid eller bilmekking.
- Er fleksibel og løysingsorientert.
Me oppmodar menn til å søkja med bakgrunn i tenestemottakar sitt behov jf. . AML 13-3 og likestillings- og diskrimineringslova § 9 a).
Kvalifikasjonskrav
- Minimum 3-årig, sosialfaglig, pedagogisk eller helserelatert høgskuleutdanning
- Minimum 5 års relevant arbeidserfaring frå arbeid med unge voksne med åtferd som utfordrer
- Praktisk erfaring med målretta miljøarbeid
- Gode digitale ferdigheiter og kjennskap til digitale dokumentasjonsverktøy
- Førarkort klasse B
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Politiattest må leggjast fram før oppstart
Personlig egnaheit vert vektlagt - det er viktig at du er ein trygg vaksen som òg er trygg i deg sjølv.
Me tilbyr
- Ein meiningsfull jobb der du kan gjera ein konkret forskjell i livet til ein person
- Oppfølging og rettleiing
- Moglegheit til å utvikla ferdigheitene dine i arbeid med relasjonar, sjølvstende og tilhøyrsel
- Ei unik moglegheit til å vera med på å etablera og forma eit nytt tiltak frå starten av
- Vernepleiarar ligg 9000 over tariff og sjukepleiarar ligg 10 000 over tariff
- God pensjonsordning i KLP
- Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
Om arbeidsgiveren
Teambaserte teneste ligg under Habiliteringstenesta i Alver kommune som gir tenester til personar med nedsett funksjonevne/utviklingshemming. Tenestene vert gitt i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetsenter,
og som ulike former for avlasting for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg.Inn under habiliteringstenestene finn ein også støttekontaktteneste og koordinatorar for Individuell Plan.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 4
- Sted: Kvernhusmyrane 25, 5914 Isdalstø
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Helse og omsorg, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell, Sykepleier, Vernepleier/miljøterapeut
Annonseinformasjon
- FINN-kode 391557662
- Sist endret