Controller berekraft
Linja AS
- Frist 20.2.2025
- Ansettelsesform Fast
Vi søker ein sjølvstendig og analytisk person til ei nyoppretta stilling innan berekraftsrapportering.
Vi har fullt fokus på å tilrettelegge for rapportering i tråd med CSRD frå og med 2026, og då treng vi meir ressursar. Dette er ei sentral stilling med stort ansvar, men der du har gode kollegaer å samarbeide med. Har du erfaring med eller interesse for ESG-rapportering og blir inspirert av å fremme innsikt som grunnlag for beslutningar? I denne stillinga vil du vere ei viktig brikke for ei meir berekraftig framtid og ein nøkkelperson i vårt berekraftsarbeid og i vår omdømebygging.
Sentrale arbeidsoppgåver:
- Ei sentral rolle i utvikling og gjennomføring av ESG-rapportering.
- Bidrag til å etablere gode internkontrollrutinar for rapportering.
- Vere løpande oppdatert på regelverk innanfor CSRD og ESG.
- Prosjektarbeid/prosjektstøtte internt i arbeidet med etablering, utvikling og oppfølging av klimamål, klimagassrekneskap og tiltak.
- Støtte forbetringsprosjekt for å integrere berekraft i økonomiske beslutningar og analysar.
Kvalifikasjonar:
- Bachelor eller masternivå innan økonomi, ingeniørfag, berekraft eller liknande.
- Fagleg interesse og engasjement for berekraftig omstilling, og finn det spennande å jobbe i skjeringspunktet økonomi og berekraft.
Personlege eigenskapar:
Viktige eigenskapar er at du tek initiativ, har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, og har sterk munnleg og skriftleg framstillingsevne.
Vi tilbyr:
- Sterkt fagleg fellesskap
- Varierte og utviklande oppgåver
- Konkurransedyktig løn og vilkår
- Fleksible ordningar for arbeidstid og høve for heimekontor
Om arbeidsgiveren
Vi byggjer og driv straumnettet mellom fjordar og fjell frå Sunnfjord i sør til Sunnmøre i nord. Det gjer det mogleg å bu, arbeide og drive eit nyskapande næringsliv her.
Linja er eit av dei største nettselskapa i landet. Vi er 285 tilsette, og vi forsyner over 100 000 kundar med straum, frå Askvoll i sør til Ålesund i nord.
Mange av stillingane våre blir lyst ut med valfri oppmøtestad. Det gjer livet litt meir fleksibelt for deg som vil være nær naturen, byane og alt som skjer her. Vi kan finne gode løysingar for den rette kandidaten!
- Nettverk: Facebook, LinkedIn
- Sektor: Privat
- Sted: Industrivegen 6, 6080 Gurskøy
- Flere arbeidssteder: Høgvollvegen 15, 6018 Ålesund, Kyllervegen 6, 6906 Florø
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: IT, Kraft og energi, Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon: Analyse, Controller, Forretningsutvikling og strategi
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
berekraftsrapportering, csrd, esg, rapportering
Annonseinformasjon
- FINN-kode 391780428
- Sist endret