Fagleiar informasjonssikkerheit
Linja AS
- Frist 24.2.2025
- Ansettelsesform Fast
Vil du vere med å sikre og beskytte kraftforsyninga på nordvestlandet?
Linja søkjer ein engasjert og kompetent Fagleiar for informasjonssikkerheit som vil ha ansvaret for å utvikle, implementere og forvalte vår strategi for dette viktige området. Du vil arbeide tett med andre avdelingar for å sikre robustheit og samsvar i våre system og prosessar.
Sentrale arbeidsoppgåver:
- Utvikle, implementere og vedlikehalde Linja sin informasjonstryggleiksspolicy.
- Gjennomføre risikovurderingar og sårbarheitsvurderingar.
- Sikre at vi overheld gjeldande lover, forskrifter og standarder for informasjonstryggleik.
- Koordinere bevisstgjering og opplæring i informasjonstryggleik for dei tilsette.
- Samarbeide med Linja sitt IT-miljø for å beskytte selskapet sine system og data.
- Bidra til utvikling og implementering av tryggleiksstiltak innan IKT-system og nettverk. Rapportere til leiinga om tryggleiksstatus og eventuelle tiltak.
Kvalifikasjonar:
- Relevant utdanning innan informasjonstryggleik, IT, datanettverk/samband eller tilsvarande erfaring.
- Minimum 3 års erfaring innan informasjonstryggleik, gjerne frå nettselskapsbransjen.
- God kjennskap til lover og forskrifter knytt til informasjonstryggleik.
- Det er ein fordel om kandidaten har kjennskap til kraftberedskapsforskriften og ISO 27001.
Personlege eigenskapar:
Gode kommunikasjonsferdigheiter og evne til å formidle komplekse tema til ulike interessentar.
Vi tilbyr:
- Sterkt fagleg fellesskap.
- Varierte og utviklande oppgåver.
- Konkurransedyktig løn og vilkår.
- Fleksible ordningar for arbeidstid og høve for heimekontor.
Om arbeidsgiveren
Vi byggjer og driv straumnettet mellom fjordar og fjell frå Sunnfjord i sør til Sunnmøre i nord. Det gjer det mogleg å bu, arbeide og drive eit nyskapande næringsliv her.
Linja er eit av dei største nettselskapa i landet. Vi er 285 tilsette, og vi forsyner over 100 000 kundar med straum, frå Askvoll i sør til Ålesund i nord.
Mange av stillingane våre blir lyst ut med valfri oppmøtestad. Det gjer livet litt meir fleksibelt for deg som vil være nær naturen, byane og alt som skjer her. Vi kan finne gode løysingar for den rette kandidaten!
- Nettverk: Facebook, LinkedIn
- Sektor: Privat
- Sted: Kyllervegen 6, 6906 Florø
- Flere arbeidssteder: Industrivegen 6, 6080 Gurskøy, Høgvollvegen 15, 6018 Ålesund
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Elektronikk, IT, Kraft og energi
- Stillingsfunksjon: IT-sikkerhet, Prosjektledelse, Sikkerhet
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
sårbarhetsvurdering, informasjonstryggleik, it, kommunikasjon, risikovurdering
Annonseinformasjon
- FINN-kode 391790213
- Sist endret