Bildegalleri
Nikon optikk (F-mount) for speilrefleks (FX/Fullformat)
Beskrivelse av varen
Tilstand: Pent brukt - I god stand
Merke: Andre merker
Type: Digital
PS: To objektiv er allereie selde på fire dagar, så her gjeld det å vera om seg.
Med tungt hjarte kvittar eg meg med speilrefleks-optikken (for Nikon F-mount FX/fullformat) for å krypa over til den nye speillause systemkamera-leiren.
For dei som framleis brukar speilrefleks, er det mykje god optikk å velja i her;
Zoom-optikk:
1. Sigma 70-200mm f/2.8 Macro (Stand: Godt brukt - synleg brukt) Pris 4.900,-
2. Nikkor 28-300mm f/3.5-5.6 VR (stand: Pent brukt - i god stand) Pris 7.900,- Fastoptikk:
3. Nikkor 85mm f/1.4G (Stand: Pent brukt - i god stand) Pris: 11.900,-
4. Nikkor 50mm f/1.8G (stand: Pent brukt - i god stand) Pris: 1.900,-
~~5. Nikkor 35mm f/1.8G (stand: Pent brukt - i god stand) 1.500,- (solgt)~~
"Spesialobjektiv":
6. Sigma “Bigma” 50-500mm f/4.5-6.3 OS (Stand: Godt brukt - synleg brukt) Eit fantastisk all-in-one objektivt med 10x zoom og praktiske 50 mm på videnden, som grusar "150-500"-objektiva i praktikalitet. Brukast helst med monopod, for stabilisatoren på dette gamle beistet er litt "hit or miss". Pris 6.400,-
7. Sigma 12-24mm f/4.5-5.6 (Stand: Godt brukt - synleg brukt) Meget godt “eigedomsmeklar-objektiv” med rett-teiknande ultravidvinkel (rektilineær med 122 graders synsfelt, ikkje fisheye). Står du i hjørnet kjem heile rommet med på bildet. Ekte "Frankenstein"-objektiv som i sin natur delvis overlappar tiltshift territorium. Bra for interiør/eksteriør/arkitekturfoto, spesielt ved røkting av lens profiles i LR. Pris 4.900,-
~~8. Voigtländer Ultron 40mm f/2.0 (Stand: Pent brukt - i god stand) Din neste favoritt! Lite sylskarpt pancake-objektiv i heilmetall med verdas beste fokusring. Har digital tilkopling for fokusbekreftelse i søkjaren (med mindre du har gamaldags splitt-mattskjeve). Perfekt reisepartner for lette fjell- og utanlandsturar. Optisk nøytralt Nikon-beskyttelsesfilter er påmontert for å verna glasset på reise. Pris: 4.500,- (solgt) ~~
Alle prisar er antydingar og kan diskuterast ved kjøp av fleire objektiv. Ved ønske om frakt eller Fiks Ferdig, ta kontakt.
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 6.2.2025 kl. 21:12 ・ FINN-kode: 391913239