Sosionom
Helse Fonna HF
- Frist 23.02.2025
- Ansettelsesform Vikariat
Sosionom med hjarte for psykisk helse? Vi har jobben for deg!
Vil du vere ein del av eit team der faga møtest og mennesket står i sentrum?
Som sosionom på Valen sjukehus blir du ein del av eit tverrfagleg fellesskap der vi saman jobbar for å gi best mogleg behandling til pasientane våre. No har vi eit ledig vikariat i avdeling for psykisk helsevern – kanskje er det nettopp deg vi ser etter?
Valen sjukehus er i ei spennande utvikling! Avdelinga består av fire døgnpostar og ein poliklinikk: akuttpost, psykosepost, sikkerheitspost, sikker/rehabilitering og FACT-sikkerheit. I denne stillinga blir du ein del av eit behandlingsteam med psykologar, legar, sosionomar, sjukepleiarar og miljøterapeutar. Du vil jobbe på Sikkerheitspost og FACT-sikkerheit – eit fagmiljø der samarbeid, tryggleik og menneskelege relasjonar står i sentrum.
Ein jobb med meining - i omgivelsar som tek pusten frå deg!
På Valen sjukehus får du ikkje berre ein spennande arbeidskvardag, men også høve til å nyte storslått natur rett utanfor døra. Her kan du padle mellom fjord og fjell, nyte rolege turar langs vatnet eller utforske nye stiar i vakre omgjevnader. Sjå filmen og få eit innblikk i kvardagen vår: Lenke til filmen eller kopier denne lenka: https://www.youtube.com/watch?v=vbD5255slcE.
Er du klar for ein meiningsfull kvardag?👉 Søk hjå oss og bli ein del av laget!
Arbeidsoppgåver
- Bistå inn i eit tverrfagleg samansett behandlingsteam der særleg sosialfaglege oppgåver skal ivaretast av sosionom
- Vere ein del av det tverrfaglege behandlingsteamet på posten og i Fact-sikkerhet
- Kartlegging av pasienten sine sosiale og økonomiske høve med rådgjeving og iverksetting av aktuelle hjelpetiltak
- Vegleie og orientere pasientar og pårørande
- Delta i utarbeiding av behandlingsplanar og særleg fylgje opp der pasienten har rett til individuell plan
- Oppgåver knytt til koordinering av tenester mellom spesialisthelsetenesta og kommunale tenester
- Dokumentasjon av sosialt arbeid som vert utført i samsvar med gjeldande lovverk
Kvalifikasjonar
- Sosionom utdanning eller anna relevant sosialfagleg utdanning
- Ynskjeleg med erfaring frå arbeid innan psykisk helsevern
- Gode evner i bruk av IKT-verktøy
- Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå. Dokumentasjon må vedleggast søknaden. Ved tilsetjing av allereie fast tilsett i føretaket kan ein unntaksvis, i særlege tilfelle, fråvika kravet om bestått norsktest på B2-nivå
Kva ser vi etter hos deg?
Vi ser etter deg som arbeider sjølvstendig og tek ansvar for eigne oppgåver. Du trivst med å halde framdrift i prosessar og ser verdien av å jobbe ryddig og strukturert.
Du er positiv, engasjert og tek initiativ når det trengst. Fleksibilitet kjem naturleg for deg – du ser moglegheiter framfor hindringar og tilpassar deg nye situasjonar med eit ope sinn.
Du har eit godt lag med folk og trivst både med sjølvstendig arbeid og samarbeid i team. Du kommuniserer tydeleg og bidreg til eit godt arbeidsmiljø ved å støtte og hjelpe kollegaene dine.
Kvifor velje oss?
- Triveleg arbeidsmiljø.
- Du får bidra med din kompetanse for å gi best mogleg behandling til pasientane våre
- Tilbod om opplæring, internundervisning og rettleiing.
Om arbeidsgiveren
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Sjukehusvegen 15, 5451 Valen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
sosionom, psykiatri, helse, valen, sykehus
Annonseinformasjon
- FINN-kode 391930176
- Sist endret