Pedagogisk leiar
Klepp kommune
- Frist 18.02.2025
- Ansettelsesform Fast
Pedagogisk leiar
Vil du væra med å gjera ein forskjell i barnas kvardag?
Kleppe friluftsbarnehage har ledig stilling 100% fast pedagogisk leiar med oppstart 01.05.2025, eller etter avtale.
Kleppe friluftsbarnehage er ein kommunal barnehage som ligg i sentrum av Kleppe i Klepp kommune.
Hos oss vektlegg vi friluftsliv og er opptekne av at barna skal oppleve glede ved å ferdast i naturen. Vi har eit stort uteområde med ny grillhytte og flotte turområde som vi bruker jamleg.
Vi er opptekne av leikande læring i kvardagen og legg til rette for samspel og aktivitetar som er tilpassa det enkelte barnet sine behov. Vi arbeider saman for å skapa eit trygt og inkluderande miljø for barn, foreldre og tilsette.
Vi har eit godt fagleg miljø med fokus på å vere ein lærande organisasjon. Vi er ein sertifisert Marte Meo-barnehage, og har to eigne Marte Meo-terapeutar. Marte Meo er ein utviklingsstøttande metodikk som blir brukt i rettleiing av personalet for å auke relasjonskompetansen og kvaliteten på samspel med barn.
Arbeidsoppgåver
Leie og organisere det pedagogiske arbeidet og jobbe målretta for enkelt barn og barnegruppe i tråd med barnehagelova sitt formål og rammeplanPedagogisk leiar er ein del av barnehagen sitt leierteam gjennom aktivt å samarbeide med styrar, pedagogar, øvrige tilsette og føresette
Ta initiativ til, og vere pådrivar for fagleg utvikling og nytenking, sjå ei heilskapleg utvikling av det faglege miljøet i barnehagen
Pedagogisk leiar har ansvar, saman med styrar, for det psykososiale miljøet på avdelinga, og skal arbeide for at både barn, foreldre og medarbeidare har ein god kvardag i barnehagen
Rettleiing av tilsette og foreldre
Samarbeide med PPT, barnevern, helsestasjon og andre instansar som er involvert i arbeidet med barna
Kvalifikasjonar
Godkjent barnehagelærar- eller førskulelærarutdanning, vi oppfordrar deg med anna relevant utdanning å søkja på stillinga
Søkarar må tilfredsstilla krav som kjem fram i barnehagelova kapittel VI - personal
Godkjent politiattest jf barnehagelova § 30 må føreligge
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Dersom du har eit anna morsmål enn norsk, må du kunna dokumentera at du har språknivå tilsvarande B1. Dette gjeld ikkje søkjarar med skandinavisk språk som morsmål (jmf. Barnehagelpven § 18 a)
Attester og vitnemål
Vi ber om at du lastar opp attester og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må være NOKUT-godkjende (hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til et skandinavisk språk eller engelsk. Vi gjer oppmerksam på at dokumentasjon på mellom anna avtjent verneplikt og omsorg for barn, eldre eller sjuke også kan gi utteljing på lønsansiennitet.
Personlege eigenskapar
du har interesse for og ønske om å arbeide for barns bestedu har blikk for barns leik og er aktiv saman med barna i leik både inne og ute
du er positiv, og vil vera med på å skapa/oppretthalda eit godt arbeidsmiljø
Du er engasjert, løysningsorientert, målbevisst og framtidsretta
Du er god til å arbeida både sjølvstendig og i team
Du har et bevisst forhold til eigen leiarrolle og kan bidra aktivt i barnehagen sitt lederteam
Du ser på barn og føresette med respekt, viser omsorg, glede og er fleksibe
Du er raus og villig til å sjå ulike perspektiv
Du har evne til å motivera kollegaer
Du har fokus på nærvær
Vi tilbyr
Eit sterkt fagleg fellesskap og eit godt arbeidsmiljøLønn etter gjeldande avtaleverk og pensjonsordning i KLP
Ulike velferdsordningar
Gode forsikringsordningar
Nyutdanna barnehagelærar vi få tilbud om veiledning for nytilsette.
Tilsetting skjer på dei vilkår og med dei pliktene som kjem fram i utlysinga, og dei til ei kvar tid gjeldande lovar, reglar og tariffavtalar
Om arbeidsgiveren
Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1800 tilsette. Me ligg sentralt til, med korte avstander både til Stavanger, Sandnes og Bryne.
Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.
Visjonen vår er «Med blikk for alle». Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn.
Me gjer merksam på at søkarlister kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Fredheimsvegen 18, 4350 Kleppe
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Pedagogisk leder
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Pedagog:, Leiar:
Annonseinformasjon
- FINN-kode 391949465
- Sist endret