Rådgjevar/seniorrådgjevar Fosterhjemstenesta region vest
Bufetat
- Frist 19.2.2025
- Ansettelsesform Fast
Rådgjevar/seniorrådgjevar Fosterhjemstenesta region vest
Vil du vere med på nybrotsarbeid i Stavanger, Haugesund, Bergen eller Førde? Vi bygger opp ei avdeling for kompetansestøtte i Fosterheimstenesta, region vest.
Fosterheimstenesta i region vest søkjer difor etter 7 faste 100 % stillingar som rådgjevar/seniorrådgjevar.
Fosterheimsmeldinga gir nye forventningar til Bufetat og spennande oppdrag på fosterheimsområdet. Vi treng nye medarbeidarar som skal vera med å etablera ein ny avdeling i fosterheimstenesta. Avdelinga skal mellom anna skal driva med kompetansestøttande arbeid.
Fosterheimstenesta i region vest består av 4 regionale avdelingar, fordelt på rekruttering, formidling, opplæring og kompetansestøtte. Vi har medarbeidarar på fire ulike lokasjonar: Førde, Bergen, Haugesund og Stavanger. Det er aktuelt med søkjarar frå alle lokasjonar. Vi ber om at du spesifiserar kva for ein lokasjon som er aktuell for deg.
Dersom interne søkjarar vert innstilt til stillingane, kan andre søkjarar kunne få tilbod om stilling i dei andre avdelingane. Dersom du ikkje ønskjer dette, ber vi om at du opplysar om det.
Vi er om lag 65 medarbeidarar i fosterheimstenesta i region vest. Samfunnsoppdraget vårt er å hjelpa kommunane når barn skal flytte i ein fosterheim ut frå dei standardar som gjeld.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene som rådgjevar/seniorrådgjevar innafor kompetansestøtte vil kunne vere å:
- evaluera fosterheimstiltak systematisk
- dokumentera erfaringsbasert kunnskap og læringspunkt, og med bakgrunn i dette
- bidra til utvikling av fosterheimsfeltet
- leggje til rette for reell medverknad for barn, foreldre og fosterheimar
- gje tilpassa opplæring til laga rundt barnet
- kartleggja risiko og yte bistand ved risiko for uønskt flytting
- samarbeida med og gje kompetansestøtte til kommunal barnevernteneste
Arbeidsoppgåvene som rådgjevar/ seniorrådgjevar innafor dei andre avdelingane kan vere:
- Informasjon til familiar som tenkjer på å bli fosterheim.
- Samarbeid med kommunar om å rekruttera fosterheimar der barnet bur.
- Halde grunnopplæring for potensielle fosterheimar og ha samtalar for å vurdera fosterheimane.
- Saksbehandle tilvising frå kommunane om fosterheim til einskilde barn.
- Utarbeida profilen til barnet for betre å forstå behovet til barnet i fosterheimen.
Kvalifikasjonar
Absolutte krav:
- Minimum bachelorgrad eller 180 studiepoeng innan relevante fagområde, fortrinnsvis barnevernspedagogikk eller sosialt arbeid. Anna relevant bachelorgrad kan vurderast dersom du har praktisk erfaring frå barnevernsarbeid.
- God forvaltningsforståing og kunnskap om skriftleg dokumentasjon, lovverk og forskrifter.
- Erfaring i tverrfagleg samarbeid rundt barn og familie.
- Svært god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.
- Gode IKT-ferdigheitar, samt gode haldningar til digitalisering og til å ta i bruk ny teknologi.
- Førarkort kl.B.
I tillegg ønskjer vi at du har:
- Relevant vidareutdanning.
- Erfaring frå fosterheimsarbeid.
- Erfaring med å vera ein del av endrings- og utviklingsarbeid.
- Erfaring frå kommunal barnevernteneste.
- Opplæring og erfaring med ulike rettleiingsmetodar.
Personlige eigenskapar
Personlege eigenskapar:
- Du er løysingsorientert, nytenkjande og fleksibel i måten du tilnærmar deg og løyser oppgåvene på.
- Du evnar å handtere komplekse problemstillingar og leiar an i arbeidet med å finna gode løysingar saman med andre.
- Du er god på å samarbeida med barn og familiane deira.
- Du trivst med å arbeida sjølvstendig og er god på å sikra framdrift i oppgåveløysinga.
- Du deltek aktivt i forbetrings- og utviklingsarbeid og trivst med å vera i endring.
Vi legg vekt på personlege eigenskapar. Samansetjinga av teamet vil og vera med i den totale vurderinga.
Vi tilbyr
- Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ein god tenestepensjonsordning, moglegheit for tilbod om bustadlån til konkurransedyktige vilkår, og dessutan yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
- Medarbeidarar med mye kompetanse og høgt fagleg engasjement.
- Eit arbeidsmiljø vi ønskjer skal vera helsefremjande og utviklande, der vi er gode støttespelarar for kvarandre i arbeidskvardagen.
- Ein jobb med eit viktig samfunnsoppdrag.
- Moglegheit til å trena inntil ein time i veka i arbeidstida.
- Stillingane er plassert i statleg lønnsregulativ i stillingskode 1434 som rådgjevar, p.t. kr 610 000 - 680 000 pr. år eller 1364 seniorrådgjevar, p.t. kr 640 000 – 700 000 pr.år. Lønnsutbetaling og stillingskode blir vurdert etter utdanning og erfaring. For søkjarar som er særleg kvalifiserte kan høgare løn verte vurdert.
Informasjon til deg som søkjer:
- Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. Derfor ønskjer vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv. Har du funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søkjer til å kryssa av i jobbsøkjarportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kallar vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velja ut rette kandidatar bruker vi ikkje av kryssingane til noko anna enn anonymisert statistikk.
- Stillinga kan ha kontorstad i Bergen, Haugesund, Førde eller Stavanger.
- Politiattest må framleggast ved tilsetting, jf. lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest §7. Denne attesten skal ikkje leggjast med søknaden.
- Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkjarlista. Dette må i så fall grunngjevast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje blir tatt til følgje.
Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenkje på denne sida.
For å bli vurdert som søkjar, må du leggja ved relevante vitnemål og attestar med stadfesta stillingsstorleik. Vitnemål for utdanning teke i Noreg skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse/NOKUT.
Om arbeidsgiveren
Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.
Bufetat region vest femner om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 7
- Sted: Lagårdsveien 44, 4010 Stavanger
- Flere arbeidssteder: HARALDSGATA 94, 5528 Haugesund, SOLHEIMSGATEN 11, 5058 Bergen, Storehagen 1B, 6800 Førde
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Rådgivning
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Rådgjevar, Seniorrådgjevar
Annonseinformasjon
- FINN-kode 391951058
- Sist endret