Avdelingsleiar
NAV
- Frist 17.02.2025
- Ansettelsesform Fast
Avdelingsleiar
NAV skal gi menneske moglegheiter, og gjennom vår innsats skal fleire få høve til å vere i arbeid, delta i samfunnet og vere sikra inntekt. NAV kontaktsenter er eit av Noregs største og mest avanserte kontaktsenter, og svarar på om lag 5,4 millionar brukarhenvendelsar kvart år. Vi er NAV si faglege førstelinje på telefon, chat, digitale kanalar og sosiale medium. NAV Kontaktsenter består av 1000 medarbeidarar fordelt på 12 einingar i heile landet. Vi har ei sentral rolle i NAV, og NAV kontaktsenter har stor verknad både for den enkelte som tek kontakt med oss og NAV sitt omdømme.
Vi søkjer etter deg som brenn for NAV sitt samfunnsoppdrag og som kan vere med og leie ei av våre 4 avdelingar i NAV kontaktsenter Vestland. Stillinga inneber å leggje til rette for at våre rettleiarar kan levere gode tenester til NAV sine brukarar. Du vil få personal- og resultatansvar for om lag 20 kompetente og engasjerte medarbeidarar, og bli ein del av leiargruppa for NAV kontaktsenter Vestland.
Arbeidsstad: Bergen
Arbeidsoppgåver:
- Utøve myndiggjande og tillitsbasert leiing
- Bidra til at eininga har eit inkluderande arbeidsmiljø og lågt sjukefråvær
- Vidareutvikle kultur for læring, refleksjon og forbetring
- Bidra til at leiargruppa arbeider effektivt og at eininga løyser sitt samfunnsoppdrag
Kvalifikasjonar:
- Minimum 3-årig utdanning på høgskule/universitet
- Leiarerfaring med personalansvar
- Gode IT-ferdigheiter og forståing for digitalisering og utvikling av framtidas tenester
- Svært gode kommunikasjonsevner, munnleg og skriftleg
- Det er også ein fordel om du har erfaring med tillitsbasert leiing
Personlege eigenskapar:
For å trivast og meistre jobben som avdelingsleiar hos oss, tenkjer vi at det er viktig at du:
- Har evne til å gi avdelinga ei klar oppleving av retning og mål
- Har evne til å rettleie andre til å forbetre prestasjonar
- Er målretta og resultatorientert
- Har gode relasjonsbyggande eigenskapar
- Er stødig og har god arbeidskapasitet
Vi tilbyr:
- Ein arbeidsplass som fokuserer på eit godt arbeidsmiljø og kompetanseutvikling
- Dyktige og engasjerte kollegaer
- Lønn som avdelingsleiar kode 1407, kr 667 700 – kr 796 600 (ltr. 68-77)
- Moglegheit for ein time fysisk aktivitet i arbeidstida per veke
- Fleksibel arbeidstid og moglegheiter for ein hybrid kvardag
- Moglegheit for bustadlån og gode pensjons- og forsikringsordningar i Statens Pensjonskasse
Søknad og CV sendast via lenka nedanfor. Attesterte vitnemål frå vidaregåande skule og høgskule/universitet samt attestar lastast opp saman med søknaden. Vitnemål delast via www.vitnemålsportalen.no. Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert omsetjing av papira dine samt ei godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (https://hkdir.no/).
Om arbeidsgiveren
Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.
Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.
Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.
Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no.
NAVstilling
- Sektor: Offentlig
- Sted: C. Sundts gate 29, 5004 Bergen
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Ledelse
- Arbeidsspråk: Norsk, Norsk
Nøkkelord
Leder, Ledelse, Tillitsbasert, Ssamfunnsoppdrag, Relasjonsbygging
Annonseinformasjon
- FINN-kode 391967470
- Sist endret