Farmasøyter
Sjukehusapoteka Vest
- Frist 18.02.2025
- Ansettelsesform Fast
Farmasøyter
Sjukehusapoteka Vest HF er eit av fem sjølvstendige helseføretak eigd av Helse Vest RHF.
Sjukehusapoteka er del av spesialisthelsetenesta og skal sørgje for at sjukehus og pasientar i Rogaland og Vestland vert sikra legemiddel og høg farmasøytisk kompetanse og tenester.
På sjukehusapoteket i Bergen er vi ein fin miks av apotekteknikarar og farmasøytar. Hos oss får du rundt 145 kjekke og dyktige kollegaer, fordelt på fire ulike avdelingar.
I produksjonsavdelinga lagar vi spesialtilpassa legemiddel til pasientar, i sjukehusekspedisjon sørger vi for at alle avdelingane på sjukehusa i Helse Bergen får legemidla dei treng, i publikumsutsalet gir vi råd og vegleiing om legemiddelbruk, og besøkande kan kjøpe legemiddel på eller utan resept. I avdeling for farmasøytisk rådgjeving hjelper vi legar, sjukepleiar og anna helsepersonell med trygg og riktig bruk av legemiddel.
Som farmasøyt hos oss bidrar du kvar arbeidsdag til at pasientar får legemidla dei treng og brukar dei på rett måte.
No ser vi etter deg som vil forsterke det gode laget vårt ytterlegare. I denne omgang har vi størst behov i avdeling for farmasøytiske tenester og produksjonsavdelinga. Dei fire avdelinga samarbeider tett, og du får sjansen til og må forvente å arbeide i fleire av dei.
Arbeidsoppgåver
Oppgåver kjem an på avdelinga stillinga er plassert i:
- Avdeling for farmasøytiske tenester: farmasifagleg informasjon og rådgjeving til helsepersonell på post, klinisk arbeid på post, til dømes legemiddelsamstemming, legemiddelgjennomgang, pasientsamtalar, revisjon og risikovurdering innan legemiddelhandtering.
- Produksjonsavdelinga: Produksjonsavdelinga produserer antibiotikapumpar, smertekassettar og parenteral ernæring til hjemmepasientar og pasientar i behandlingsforløp på sjukehuset. I tillegg produserer vi alt av cytostatika og monoklonale antistoffer til poliklinikker og sengeposter. Arbeidsoppgåver vil ligge innen kontroll av rekvisisjonar og produserte legemidler.
- Sjukehusekspedisjonen: Sjukehusekspedisjonen er ansvarleg for alle leveransar til Helse Bergen og dei fleire sjukehusavdelingar har apotekstyrt legemiddellager. Oppgåver vil blant annet ligge inn vareflyt og logistikk, rådgjeving til sjukehusposter og beredskapslageret til sjukehuset
- Publikumsavdelinga: kundeservice, medisinstart, vaksinering og veiledning av kunder og pasientar.
- Delta i apotekets vaktordning
- Andre oppgåver kan tilfalle ved behov
Kvalifikasjonar
- Du har norsk autorisasjon som farmasøyt
- Du har gjerne relevant arbeidserfaring;
- For arbeid i avdeling for farmasøytiske tenester er det ein fordel om du har efaring med klinisk farmasi, farmasøytisk rådgivning, revisjon mm.
- For arbeid i produksjonsavdelinga er det ein fordel med erfaring med produksjon
- Vi vil og treffe deg som er nyutdanna
- Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
- Gode IKT-kunnskapar
Personlege eigenskapar
- Vi ser etter deg som ansvarsfull, tilpassar deg ulike oppgåver og arbeider nøyaktig med stor merksemd på kvalitet
- Du trivst i eit hektisk miljø og handterer travle periodar godt
- Du set pris på å bygge gode relasjonar og samarbeid på tvers av fagområda, samtidig som du arbeidersjølvstendig og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- I tillegg har du interesse for å bruke digitale verktøy i det daglege arbeidet
- Det vil bli lagt vekt på å vera personleg eigna for stillinga
Vi tilbyr
- Stilling i eit stort og inspirerande farmasifagleg miljø med fokus på kvalitet og kompetanse
- Høve til fagleg og personleg utvikling
- Naudsynt opplæring
- Godt arbeidsmiljø
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om arbeidsgiveren
Sjukehusapoteka Vest (SAV) er eit helseføretak i Helse Vest med om lag 350 tilsette som leverer legemiddel, apotekvarer og farmasifaglege tenester til spesialisthelsetenesta på Vestlandet. Omsetning er på vel 1,5 milliardar kroner. Føretaket har administrasjon i Bergen, og driv fem sjukehusapotek i Førde, Bergen, Haugesund og Stavanger. Sjukehusapoteka Vest satsar på nye teknologiske løysingar og på tenester som bidreg til auka pasienttryggleik, betra kvalitet og meir effektive tenester i sjukehusa.
Sjukehusapoteka Vest HF skal så langt råd er avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sjå nettsida vår for meir informasjon www.sjukehusapoteka-vest.no
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 4
- Sted: Jonas Lies vei 89, 5021 Bergen
- Bransje: Farmasi og legemiddel
- Stillingsfunksjon: Farmasøyt
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
sykehus, apotek, produksjon, rådgiving, farmasøyt
Annonseinformasjon
- FINN-kode 392075250
- Sist endret