Kontorsjef
Universitetet i Stavanger
- Frist 18.02.2025
- Ansettelsesform Fast
Kontorsjef ved Nasjonalt lesesenter
Om stillinga
Universitetet i Stavanger har ledig stilling som kontorsjef ved Fakultet for utdanningsvitskap og humaniora, fakultetsadministrasjonen dedikert til Nasjonalt lesesenter. Stillinga er ledig frå 15.4.2025
Som kontorsjef vil du få ein variert, interessant og travel kvardag der du har ansvar for å gi administrativ støtte til senteret, og støtte senterleiar i arbeidet med å legge til rette for utdanning, forsking, innovasjon og samfunnskontakt. Du vil inngå i leiargruppa på senteret og eit team med fleire kontorsjefar i fakultetsadministrasjonen. Som kontorsjef har du personalansvar for tilsette ved senteradministrasjonen.
Hovudoppgåver
- saman med fakultetsdirektør, sørge for at administrasjonen ved senteret medverkar til at senteret oppnår gode resultat innanfor
undervisning, forsking, innovasjon og samfunnskontakt - utøve god personalleiing og sørge for medarbeidarutvikling og utvikling av eit godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø ved senteret
- medverke aktivt i leiargruppa ved senteret, og ivareta sekretærfunksjon for denne
- bidra i strategiutvikling ved senteret og saman med senterleiar implementere vedtekne strategiar og planar
medverke i den økonomiske styringa av den samla aktiviteten til senteret - førebuing av saker for senterleiing og senterråd, og andre råd og utval, basert på god styringsinformasjon
- koordinere og sørge for god og effektiv administrativ støtte til leiargruppa, prosjektleiarar og tilsette ved senteret.
- leie det administrative arbeidet ved senteret knytt til studiar, forsking og samfunnskontakt, og sørge for at senteret får den støtta dei
treng frå fellestenestene - medverke til at senteret har høveleg beredskap for handtering av kriser og ulykker
- medverke til god informasjonsflyt og godt samarbeid internt og eksternt
Kvalifikasjonar
Du må ha:
- relevant utdanning på masternivå. Særskilt relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet
- relevant leiarerfaring, for eksempel frå personalleiing og/eller økonomi- og verksemdsstyring og/eller utarbeiding og vedlikehald av
administrative strukturar, system og rutinar. Erfaring med personalleiing vil bli særskilt vektlagt. - erfaring med bruk av relevante IT-verktøy
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne på bokmål, nynorsk og engelsk
Vidare blir det lagt vekt på at du:
- har kjennskap til offentleg forvaltning og regelverk innan universitets- og høgskulesektoren
- er sjølvstendig, resultatorientert, effektiv og strukturert, og kan vise til prioriterings-, avgjerds-, og gjennomføringsevne
- er serviceinnstilt, fleksibel og imøtekommande
- har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- har engasjement og genuin interesse for utdanning og forsking innanfor fagområda til senteret
- har erfaring med prosjektarbeid
Vi tilbyr
- varierte arbeidsoppgåver i ein stor organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag
- eit inkluderande arbeidsmiljø med fokus på fagleg utvikling.
- lønn etter Statens lønnsregulativ l.pl 90.100, kode 1054, kr 720.000 - 820.000 bto pr år. I særskilte tilfelle kan høgare lønn bli vurdert. Frå lønna vert det trekt lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.
- medlemskap i Statens pensjonskasse (http://www.spk.no) som sikrar gode pensjons- og forsikringsordningar
- meir om gode for tilsette og fordelar (https://www.uis.no/nb/ny-ved-uis) på våre nettsider
Mangfald
Mangfald er ein ressurs i arbeids- og læringsmiljøet ved UiS. Når vi har ulike bakgrunnar og erfaringar, kan vi sjå utfordringar frå fleire vinklar og finne betre løysingar.
På UiS er vi opptatt av å vise respekt for kvarandre med dei ulikskapane vi har, og vi legg til rette for tilsette med nedsett funksjonsevne. Vi tek omsyn til behova dine og situasjonen din i ulike livsfasar.
Om du synest stillinga er interessant, oppmodar vi deg til å søkje, uavhengig av kjønn, funksjonsevne, kulturell bakgrunn eller om du har vore utanfor arbeidslivet ei tid.
Er det kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, inviterer me minst inn éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. Kjenne du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du kryssa av i jobbsøkjarportalen vår.
Les meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her (https://www.uis.no/nb/om-uis/jobb-ved-uis-sokeprosessen#/).
Kontaktinformasjon
Spørsmål om stillinga kan rettast til fakultetsdirektør Kari-Anne Svensen Malmo, tlf: 51833404, e-post: karianne.malmo@uis.no eller til senterleiar Kjersti Lundetræ, tlf: 51833260, e-post: kjersti.lundetre@uis.no.
Spørsmål om tilsetjingsprosessen kan rettast til HR-rådgjevar Grete Marnburg, tlf: 51833545, e-post: grete.marnburg@uis.no
Søknad
Søk på stillinga elektronisk via "Søk stillinga" på denne sida. Her vert minimum søknadsbrev, relevant utdanning og arbeidserfaring samt språkferdighetar registrert. I søknadsbrevet må du få fram kva kompetanse og motivasjon du har for stillinga.
Ein meir utfyllande CV, vitnemål, attestar og eventuelt annan dokumentasjon som du vil det skal tas omsyn til ved vurdering av søknaden, må lastas opp som vedlegg. Dokumentasjonen må finnast på eit skandinavisk språk eller engelsk. Dersom vedlegga overskrid 30 MB til saman, må dei komprimerast før opplasting.
Søknaden vert vurdert ut frå informasjonen som er tilgjengeleg i Jobbnorge ved søknadsfristen. Sørg derfor for at søknaden tydeleg viser korleis evnene og erfaringane dine oppfyller kompetansekrava som det er skrive om over.
Vi gjer merksame på at opplysningar om søkjar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjer har bedd om ikkje å bli oppført på offentleg søkjarliste, jf offentleglova § 25 (https://lovdata.no/lov/2006-05-19-16/§25). Dersom ønsket ditt ikkje blir tatt til følgje, vil du bli varsla om dette.
UiS vurderer berre søknadar og vedlegg som er registrert i Jobbnorge.
Om arbeidsgiveren
Universitetet i Stavanger (UiS) har omlag 12 000 studentar og 2.200 tilsette. Universitetet har store ambisjonar. Vi skal ha en innovativ og internasjonal profil og vera ei drivkraft i kunnskapsutviklinga og endringsprosessar i samfunnet. Vår felles retning skal drivast fram av omtanke for grønn og berekraftig omstilling og rettferdig samfunnsutvikling, gjennom nye måtar å forvalte naturressursane på og ved å legge til rette for betre byar og lokalsamfunn. Energi, helse og velferd, læring for livet er våre satsingsområde. Fakultet for utdanningsvitskap og humaniora er den viktigaste institusjonen i regionen for utdanning av lærarar til barnehage, grunnskule, vidaregåande skule, høgskule og universitet. Fakultetet tilbyr også grunnutdanning innanfor språk, religion, historie, samt åtte masterprogram og to doktorgradsutdanningar. Fakultetet har ein nasjonal posisjon innanfor forsking og undervisning i lese- og skrivevanskar og åtferdsvanskar gjennom Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforsking (Lesesenteret) og Nasjonalt senter for læringsmiljø og åtferdsforsking (Læringsmiljøsenteret) og Kunnskapssenter for utdanning (KSU). Fakultetet samarbeider med Utdanningsdirektoratet, kommunar og fylke om etter- og vidareutdanning. Totalt har fakultetet om lag 3.300 studentar og 390 tilsette fordelte på fakultetsadministrasjonen, Institutt for barnehagelærarutdanning, Institutt for grunnskulelærarutdanning, idrett og spesialpedagogikk, Institutt for kultur- og språkvitskap, Lesesenteret, Læringsmiljøsenteret og Kunnskapssenter for utdanning. Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforsking (Nasjonalt lesesenter) består av rundt 70 dyktige og engasjerte medarbeidarar. Nasjonalt lesesenter har oppgåver knytt til forsking, forskarutdanning, undervisning og rettleiing ved fakultetet. I tillegg har senteret eit nasjonalt ansvar for å bidra til auka kvalitet i leseopplæringa gjennom arbeid med språk, tekst og kommunikasjon i barnehagen, og lesing som grunnleggjande ferdigheit i alle fag i skulen. Nasjonalt lesesenter er det leiande fagmiljøet i landet innan lesing og leseopplæring, og blir kjenneteikna av ein ambisiøs og kreativ arbeidsfellesskap. Me leier og deltek i ei rekkje eksternt finansierte forskings- og utviklingsprosjekt - tett kopla til praksisfeltet, og i samarbeid med nasjonale og internasjonale aktørar.
I samspel og dialog med våre omgjevnadar regionalt, nasjonalt og internasjonalt har vi eit ope og innovativt klima for utdanning, forsking, kunstnarisk utviklingsarbeid, nyskaping, formidling og museumsverksemd. Den faglege verksemda ved UiS er organisert i seks fakultet med 13 institutt og 2 nasjonale forskings- og kompetansesenter i tillegg til Arkeologisk museum. Vi er medlem i det europeiske nettverket for innovative universitet – European Consortium of Innovative Universities (ECIU). Universitetet ligg i den mest attraktive regionen i landet med 300.000 innbyggjarar. Stavangerregionen har et dynamisk arbeidsmarknad og tilbyr ei rekke spennande kultur- og fritidsaktivitetar.
Saman med dei tilsette og studentane våre vil vi løfta blikket, og våga å tenke stort og nytt - vi utfordre det velkjente og utforske det ukjente.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Ullandhaug, 4036 Stavanger
- Bransje: Forskning, utdanning og vitenskap, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Kontor og administrasjon, Ledelse, Rådgivning
Annonseinformasjon
- FINN-kode 392075787
- Sist endret