Vernepleiar ved Vang barne - og ungdomsskule - 100 % vikariat
Vang Kommune
- Frist 23.02.2025
- Ansettelsesform Vikariat
Vernepleiar ved Vang barne - og ungdomsskule - 100 % vikariat
Vang barne - og ungdomsskule søkjer etter vernepleiar i 100 % vikariat med snarleg oppstart.
Barna våre fortener det beste! Me søkjer etter ein fagleg sterk og engasjert vernepleiar som brenn for barna si utvikling, læring og trivsel. Direkte arbeid med enkeltbarn med vedtak om bistand vil vere ein stor del av jobben. Kommunen satsar sterkt på psykisk helse og livsmeistring, med robuste barn og unge som taklar medgang og motgang. Vert du med oss på laget?
Vikariatet har ei varigheit frå så snart som mogleg, og ut neste skuleår (ut juni 2026).
Stillinga følger ikkje skuleåret, dvs at du må pårekne arbeid i skulens feriar (eksl. juli, jul og påske).
Arbeidsoppgåver
- Iverksette og gjennomføre tiltak i samarbeid med øvrig personal for å ivareta barn med behov for hjelp
og støtte. - Utføre daglig trening/spesialundervisning/tilpassa undervisning med enkeltbarn til beste for deira utvikling og læring
- Synleggjera det enkelte barn sin plass og verdi i fellesskapet – sikre inkludering
- Rettleie føresette og medarbeidarar
- Fremje eit samarbeid prega av kompetansedeling og lojalitet ovanfor barn med behov for særskilt hjelp og støtte. Iverksette og koordinere tverrfagleg samarbeid og bidra til heilskapeleg tenester for barna. Bidra til samhandling både innad i barnehage og skule, og utad mot eksterne aktørar. Delta i ansvarsgruppemøte.
- Som autorisert vernepleiar skal ein kunne administrere medikament og andre helserelaterte oppgåver og prosedyrar etter behov og nærare avtale.
Kvalifikasjonar
- Bachelor i vernepleie med norsk autorisasjon
- God IKT-kompetanse
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
Me ser etter deg som
- er ein relasjonsbyggar, som er varm, raus, set borna først og ser læring i leik
- har gode samarbeids- og kommunikasjonsevnar
- er strukturert og endringsvillig
- har erfaring og/eller interesse for arbeid med barn innanfor autismespekteret og barn med åtferdsavvik
- har erfaring og kunnskap om alternative kommunikasjonsformar og hjelpemidlar
- har kompetanse på teikn til tale eller ynskje om dette
- har kjennskap til barnehage og skule som pedagogisk institusjon
- har kunnskap om barn med ulike funksjonsnedsettingar
Personlege eigenskapar og eignaheit for stillinga vil verte vektlagt.
Vi tilbyr
- Eit inkluderande og engasjert arbeidsmiljø med høgt fagleg fokus
- Løn etter tariff og arbeidsvilkår etter gjeldande lov – og avtaleverk
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vang kommune nyttar nynorsk som målform.
Gyldig politiattest skal leverast før oppstart i stillinga
Tilsetjing på ordinære vilkår som gjeld til ei kvar tid i kommunal sektor. Ved intern tilsetting kan det oppstå behov for vernepleiar i andre kommunale institusjonar.
Om arbeidsgiveren
- Ca 290 tilsette fordelt på kommunalområda: Helse og omsorg, Utdanning og kultur, Landbruk og teknisk, og Stab
- Den viktigaste ressursen me har er våre tilsette. I Vang kommune gjer me det me kan for at tilsette skal ha det bra på arbeid!
- Vang kommune har nynorsk som skriftspråk.
- Ei storstilt satsing på barn og unge!
- Ein kombinert barne - og ungdomsskule, med ca 200 elever. Nyrenovert med heilt ny fleirbrukshall med klatrevegg, basseng etc. Tolærarsystem, slik at det nesten alltid er to lærarar tilstades i klasserommet. Skulen nyttar Vang sin flotte natur mykje, både ved uteskule, faget FRI-NAT (friluftsliv og natur), og spanande utflukter. I Vang er SFO gratis for alle barn!
- Vang kommune har to barnehagar, Høre og Fredheim, begge har småbarns og storbarnsavdeling. I Vang er det løpande barnehageopptak (start når det passar dykk!) og frå august 2024 er månadsprisen per barn 1500 kr
- Helse og omsorgstenester av god kvalitet
- Vang kommune har personalbustadar til leige, med butid opptil 3 år
- Byggeklare tomter fleire stadar i kommunen, alle med fantastisk utsikt!
- I Vang finn du 2 solide kontorfellesskap, gjer som fleire andre og ta med deg arbeidet til Vang!
- Både i Vang og resten av Valdres finn du eit yrande kulturliv, der tradisjon står i høgsete, med blant anna tradisjonsmat, tradisjonsmusikk, tradisjonshandtverk og aktiv stølsdrift. Vang kommune har også ein god kulturskule med stort utval av tradisjonelle og moderne aktivitetar
- I Vang står lag, foreiningar og idrett sterkt, her finn du aktivitetar for einkvar smak!
- Vang har ein storarta natur som innbyr til friluftsliv sommar som vinter, er du glad i turar, ski, jakt og fiske så er dette staden for deg! Vang blir sagt å ha "vestlandsfjell med austlandsklima", og er ei bygd med landbruk, grundarar, turisme og næringsliv i eit levande og inkluderande bygdesamfunn. I Vang finn du også store delar av Jotunheimen og ikkje minst festivalen Vinjerock
- I Vang har dei fleste kort avstand mellom arbeid, barnehage og skule. Her kan du leve eit så roleg eller så aktivt liv som du sjølv ynskjer, i ei distriktskommune med positiv folketalsutvikling
- Meir info om korleis det er å bu i Vang og kva som skjer i Vang finn du her på VangiValdres.
- Meir info om arbeids - og bumarkedet Valdres finn du på VelgValdres
Vang kommune er opptatt av mangfold og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Me gjer merksam på at søkjarar kan få sitt namn gjort offentleg i søkjarlista, sjølv om det er bedt om konfidensiell behandling. Du som søkjar vil i tilfelle bli varsla på førehand om det.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Tyinvegen 5161, 2975 Vang i Valdres
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Vernepleier/miljøterapeut
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
vernepleie, skole
Annonseinformasjon
- FINN-kode 392085169
- Sist endret