Dataelektronikar
Forsvaret
- Frist 25.02.2025
- Ansettelsesform Fast
Er du vår nye dataelektronikar som har lyst til å jobbe med ubåtar?
Er du løysingsorientert og positiv til nye utfordringar?
Ved Forsvarets verkstader Bergen er det over 400 tilsette, og vi vedlikeheld Sjøforsvarets materiell på landsbasis. Vedlikehaldet vårt spenn seg over et vidt spekter av fagfelt frå høgteknologi til konvensjonell verkstadsdrift.
Ved televerkstadet på Laksevåg er det no ledig to spanande stillingar som dataelektronikar/serviceelektronikar. Vi driv med vedlikehald på tele- og elektronisk utstyr på Forsvarets ubåtar, og håpar du vil bli ein del av vår gjeng.
Arbeidsoppgaver
- Du vil være ansvarleg for fagmessig utførelse av vedlikehald og reparasjonar innan ditt eige fagområde.
- Delta i prosjekt ved behov.
- Verkstadet har høgt fokus på HMS, og det er viktig at du også vil være ein viktig bidragsytar til dette arbeidet.
- Være med å vidareutvikle verkstadet fram mot ny ubåtklasse og nytt verkstad som skal byggast på Haakonsvern.
- Du må rekne med å reise noko i jobben.
Kvalifikasjoner
- Fagbrev som dataelektronikar, serviceelektronikar eller anna relevant fagbrev
- Du må kunne sikkerheitsklarerast for HEMMELIG / NATO SECRET før tiltredelse
- God framstillingsevne skriftleg og muntleg på norsk
- Det er ynskeleg med god kjennskap til SAP
Personlige egenskaper
- Du vil yte ditt beste for å samarbeide godt med dei du møter i arbeidskvardagen.
- Du ynskjer og vil være nøyaktig i gjennomføringa av arbeidet ditt på alle områder.
- Du likar å finne løysingar på utfordringar som oppstår.
- Du har interesse for å tilegne deg ny kunnskap og vil gjerne vidareutvikle kunnskapsnivået ditt.
Vi tilbyr
- Gode moglegheitar for personleg og fagleg utvikling.
- Fleksibel arbeidstid.
- Vi har treningsrom lokalt, og på Haakonsvern har du tilgong til eit av dei største idrettsanlegga i ein norsk militærleir med blant anna symjehall og styrkerom. Du vil ha moglegheit for å trene i arbeidstida i inntil 2 timer per veke så lenge tjenesten tillater det, og kan ta med familien på fritida.
- Gode pensjons- og velferdsordningar.
- Lønn i henhold til Verkstedoverenskomsten i Forsvaret, for tida kr 624 325 - 677 803 per år for fagarbeidar. Av lønn trekkes 2 % lovbestemt innskudd til Statens pensjonskasse.
Om arbeidsgiveren
Ein jobb i Forsvaret er noko meir enn ein jobb. Forsvarets viktigaste oppgåve er å skape sikkerheit for Noreg og tryggleik for befolkninga. Uansett kva stilling du har, er du med på å ivareta landets og fellesskapets interesser. For å verne om alt vi har og alt vi er, må vi sjølve leve ut dei verdiane vi er satt til å forsvare. Vi ynskjer difor tilsette som bidrar til ein god kultur ved å vise respekt og ta ansvar for kvarandre, og ha mot til å handle riktig og våge å sei frå.
Som ein del av Forsvarets logistikkorganisasjon (FLO) sørger du for at Forsvaret kan utføre sine oppgåver og forsvare landet på best mogleg måte. FLO fornyar, forenklar og forbetrar Forsvarets logistikk. Det gir styrka kampkraft og bærekraft. I FLO jobbar sivile og militære med høg kompetanse og lang erfaring med militær logistikk og materiell. Forsyning og vedlikehald av materiell, som er unikt for Forsvaret, er kjernekompetansen til FLO sine tilsette. FLO ivaretar innkjøp og driftsanskaffelsar for forsvarssektoren.
Ved Forsvarets verkstadar utførast vedlikehald av alt frå Sjøforsvarets fartøy til Hærens og Heimevernets stridsvogner, kjøretøy og våpen – i tillegg til komplekse sambandssystem.
I Forsvaret er det ynskjeleg at arbeidsstyrken i størst mogleg grad skal speile mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, kulturell bakgrunn, hull i CV eller funksjonsevne. Vi vil sørge for tilrettelegging på arbeidsplassen om det er behov for det. Nokon av Forsvarets stillingar kan ha eigne helsekrav og krav til fysisk skikkaheit.
I henhald til offentlegheitslova § 25 andre ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om søkjaren kan anmode om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Det er eigne reglar for militære stillingar.
Forsvaret nyttar elektronisk søknadssakshandling. Attestar og vitnemål/fagbrev må leggast ved søknaden. Høgare utdanning gjennomført utanfor Noreg må være godkjend av NOKUT eller Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse. Godkjenninga må dokumenterast.
Det blir gjort bakgrunnsjekk når sikkerheitsklareringa gjennomførast.
Les meir om jobb i forsvaret.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Johan Berentsens vei 11, 5160 Laksevåg
- Bransje: Elektronikk
- Stillingsfunksjon: Elektronikkmontør, Mekaniker, Mekanikk og installasjon
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
ubåt, forsvaret, elektronikk, mekanisk, laksevåg
Annonseinformasjon
- FINN-kode 392089034
- Sist endret