Høgskulelektor i yrkespedagogikk/yrkesdidaktikk ved Høgskulen i Volda
Høgskulen i Volda
- Frist 23.02.2025
- Ansettelsesform Fast
Høgskulelektor i yrkespedagogikk/yrkesdidaktikk ved Høgskulen i Volda
Om stillinga
Ved Høgskulen i Volda (HVO), Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning, Institutt for pedagogikk er det frå 01.08.2025 ledig ei fast stilling som høgskulelektor i yrkespedagogikk/yrkesdidaktikk.
Stillinga er knytt til Institutt for pedagogikk der det no er 32 tilsette. Fagmiljøet har brei kompetanse innanfor pedagogikk og spesialpedagogikk, og har eit mangfaldig forskarmiljø med pågåande prosjekt nasjonalt og internasjonalt.
Kvalifikasjonar
Den som vert tilsett må
- ha mastergrad i yrkespedagogikk /yrkesdidaktikk
- kunne arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel
- ha gode samarbeids- og formidlingsevne
- vere personleg eigna for stillinga.
- ha høgt etisk medvit i møte med studentar
- kunne bruke digitale verktøy i arbeidskvardagen
- meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk
Den som vert tilsett bør
- yrkesfagleg utdanning og/eller yrkeserfaring frå vidaregåande skule.
Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar, og det på grunn av undervisningssituasjonen er heilt naudsynt å tilsetje nokon, kan det vere aktuelt å tilsetje mellombels i inntil eitt år i lavare stilling.
Arbeidsfelt
Stillinga inneheld oppgåver knytt til undervisning, rettleiing, formidling, forskings- og utviklingsarbeid knytt til praktisk-pedagogisk utdanning allmennfag og yrkesfag.
Instituttet er involvert i fleire forskingsprosjekt og har god publiseringsaktivitet. Det er venta at alle tilsette er aktive medlemmer i ei av forskingsgruppene ved høgskulen.
Vi tilbyr
HVO tilbyr varierte arbeidsoppgåver i ei stor, spanande og samfunnsviktig verksemd. Avdelinga har eit inkluderande og godt fagleg arbeidsfellesskap, der det er høve til fagleg og personleg utvikling.
Stillinga er løna etter kompetanse og kvalifikasjonar i statens lønsregulativ med normal årsløn frå 1008 frå kr 584 500 - 749 049 i stillingskode 1008 høgskulelektor ved Høgskulen i Volda.
Generell informasjon
Ved HVO er vi opptatt av mangfald. Medarbeidarar med ulik livserfaring vil gjere oss i stand til å finne gode løysingar på arbeidet vårt. Vi oppmodar difor alle til å søke stillinga utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkommen til å søke sjølv om du ikkje kan vise til ei samanhengande yrkeskarriere. Lokala er universelt utforma, og vi legg tilhøva til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
Dersom du har nedsett funksjonsevne, innvandrarbakgrunn eller hol i CV kan du bli positivt særbehandla om du kryssar av for dette når du søker stillinga. Vi vil invitere minst éin kvalifisert søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om dette på arbeidsgiverportalen (https://arbeidsgiver.difi.no/strategisk-hr-og-ledelse/inkluderingsdugnaden/hvordan-bli-en-mer-inkluderende-virksomhet).
Tilsetjing skjer på dei vilkåra som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga, mellom anna lovfesta innskot i Statens pensjonskasse.
Aktuelle kandidatar vert innkalla til intervju. Søkjarar som vert kalla inn til intervju, må ta med originalar av vitnemål og attestar for å dokumentere dei elektronisk innsende vedlegga.
Om søknaden
Alle som søker stillinga må søke digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål, attestar og vitskaplege arbeid. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå informasjon som ligg føre ved utløp av søknadsfristen. Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteria for stillinga. Søkjarane blir vurdert av eit sakkunnig utval.
Offentleg søkarliste blir utarbeidd etter at søknadsfristen er ute. Dersom du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må dette grunngjevast i Jobbnorge. Du vil bli varsla om reservasjon ikkje blir tatt til følge.
Kontakt
Nærare opplysningar om stillingane får ein ved å kontakte dekan Silje Ims Lied, tlf. 70 07 52 94/ 468 04 958, e-post silje.ims.lied@hivolda.no eller instituttleiar Kari Leikanger Buset, tlf. 70 07 54 88/ 917 47 887, e-post: kari.leikanger.buset@hivolda.no
Om avdelinga
Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning tilbyr grunnskulelærarutdanning, barnehagelærarutdanning, praktisk pedagogisk utdanning allmennfag og yrkesfag, ulike fagutdanningar og mastergradstudium med spesialiseringar i matematikk, norsk, spesialpedagogikk eller barnehagekunnskap, samt eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod.
Studiebygda Volda
Midt mellom fjord og fjell på spektakulære Sunnmøre finn du Høgskulen i Volda, med sine lange tradisjonar.
Les meir på www.hivolda.no (http://www.hivolda.no)
Video: https://www.youtube.com/watch?v=wSlL1WkuUXc
Om arbeidsgiveren
Høgskulen i Volda er høgskulen for humaniora og samfunnsvitskap i Møre og Romsdal. Vi er ein spennande kompetanseorganisasjon i vekst med om lag 4500 studentar og 380 tilsette. Vi gjev undervisning i ei rekkje fagområde, yrkesretta utdanningar og etter- og vidareutdanningar i nært samarbeid med samfunns- og næringsliv. Høgskulen i Volda driv mykje forsking og utviklingsarbeid og satsar på forskaropplæring og kompetanseoppbygging for dei tilsette i samarbeid med universitet i inn- og utland.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Joplassvegen 11, 6103 Volda
- Bransje: Forskning, utdanning og vitenskap
- Stillingsfunksjon: Undervisning og pedagogikk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 392089898
- Sist endret