Logistikkmedarbeidar
Helse Førde
- Frist 02.03.2025
- Ansettelsesform Fast
Logistikkmedarbeidar
Medisinsk heimebehandling (MEDHB) har ledig 70% fast stilling som logistikkmedarbeidar.
Medisinsk heimebehandling (MEDHB) er organisert som ein seksjon under Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering (AFMR) i Medisinsk klinikk.
Vi er eit tverrfagleg miljø på 10 personar som held til på sentralsjukehuset i Førde.
I Sogn og Fjordane er det omlag 7000 pasientar som får medisinsk heimebehandling. Seksjonen har som hovudoppgåve å koordinere heimebehandlinga, som ei forlenging av behandlinga i sjukehuset. Vi er samansett av roller som sakshandsamar, medisinsk teknisk, logistikk og transport, og jobbar tett med dei kliniske avdelingane i sjukehuset.
Helse Førde er i omstilling både innan areal, men også organisatorisk. Den som blir tilsett må vere innstilt på å delta i dei endringane som kjem.
Arbeidsoppgåver
- Materialplanlegging og lageradministrasjon
- Bestilling av varer og oppfølging av leveransar
- Varemottak og påfylling
- Pakking og sending av medisinsk utstyr og materiell
- Interntransport ved behov
- Stillinga vil krevje kommunikasjon med helsepersonell og pasientar
- Seksjonen er i omstilling og arbeidsoppgåvene kan bli endra
Kvalifikasjonar
- Du har fagbrev innan logistikk, eventuelt kan annen relevant vidaregåande skule og erfaring kompensere for dette kravet
- Du har sertifikat kl.B (personbil)
- Du har sertifikat på kl C1 (liten lastebil), eller er villig å utvide til denne klassen
- Du er godt vand med bruk av PC, og set deg lett inn i nye datasystem
- Det kan vere nyttig å ha erfaring frå helsesektoren
- Gode kunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Du jobbar sjølvstendig, systematisk og effektivt
- Du taklar eit tidvis høgt tempo
- Du er god på kommunikasjon
- Jobben inneber tidvis tunge løft
- Personlege eigenskapar blir tillagt stor vekt
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst i lønsgruppe 2/3
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Høve til å delta i utvikling av den samla tenesta
- Full opplæring i bruk av våre dataløysingar
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om arbeidsgiveren
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
- Bransje: Helse og omsorg, Transport og logistikk
- Stillingsfunksjon: Lagermedarbeider, Logistikk og lager
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Logistikk, Lager, Lagermedarbeider, Varebestilling, Pakking
Annonseinformasjon
- FINN-kode 392117249
- Sist endret