![Helse Førde logo](https://images.finncdn.no/dynamic/320w/logo/object/0/logo_hf_48200.png)
Bioingeniør
Helse Førde
- Frist 23.02.2025
- Ansettelsesform Vikariat
Bioingeniør/3.års bioingeniørstudent
Avdeling for patologi har ledig 6 måneders vikariat for bioingeniør frå snarast, moglegheit for forlenging.
Bioingeniørstudenter på 3. året som er ferdig til sommaren kan og søkje. Oppstart etter avtale.
Vi søkjer deg som har kompetanse og engasjement til å vere med oss i den kontinuerlige utviklinga ved avdelinga - og som ønskjer å vere ein viktig bidragsytar til presis diagnostikk for våre pasientar. Sjå litt frå vår kvardag her: Bli med oss!
Her arbeider vi tett saman om diagnostikk på vev- og celleprøvar. Ein diagnose fra patolog fortel om pasienten har kreft eller andre sjukdommar - og gjev eit godt grunnlag for best mogleg behandling. Vi tek imot prøvar frå pasientar i dei kliniske avdelingane ved sjukehusa og frå primærhelsetenesta. Med digitalisering og persontilpassa medisin som ein del av vår kvardag, er utviklinga i faget rask og spanande.
Avdelinga vår har kring 25 medarbeidarar som arbeider i lag for å sikre diagnostiske funksjonar innan histologi, immunhistokjemi, generell cytologi, molekylærbiologi og autopsi. Vi jobbar også mot å bli eit akkreditert laboratorium og har kontinuerleg forbetring i fokus. Sidan vi er ein liten avdeling, har vi gode moglegheitar for rullering på lab, slik at kvardagene er varierte og at tilsette får brei kunnskap innan fagfeltet vi jobbar med.
Førde sentralsjukehus er eit middels stort sjukehus med kliniske avdelingar for indremedisin, kirurgi, ortopedi, nevrologi, kreft, barn og ungdom, kvinneklinikk, øyre-nase-hals, intensiv og psykiatri. Førde ligg sentralt i tidlegare Sogn og Fjordane, med god tilgang til flott vestlandsnatur. Her er gode moglegheiter for topptur både sommar og vinter, samt kort veg til kyst og båtliv. Førde er eit handelssentrum med eit rikt kulturelt tilbod som strekker seg frå kunst til konsertar.
På avdeling for patologi i Førde har vi eit sosialt og fint miljø, og vi er opptekne av trivsel både på jobb og fritida. Fleire av våre kollegaer er aktive innan ulike fritidsområder slik som klatring/buldring, orientering, kampsport, strikking, løping, kor- og fleire andre sosiale aktiviteter.
Velkomen som søkjer hjå oss!
Arbeidsoppgåver
- Delta i dagleg drift ved patologilaboratoriet; preanalytisk- og analytisk arbeid med diagnostiske prøver
- Variert arbeid som inkluderer arbeid med fargeteknikkar, betjene instrumentpark og delta i kvalitetssikring
- Dagtidsarbeid måndag - fredag.
Kvalifikasjonar
- Autorisert bioingeniør / 3. års student bioingeniør
- Relevant praksis/arbeidserfaring frå patologilaboratorie/medisinsk lab tel positivt
- Må beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg
- Grunnleggande IT-kunnskapar
Personlege eigenskapar
- Du er ansvars- og kvalitetsbevisst
- Du trivast i eit aktivt laboratoriemiljø
- Du er positiv og omgjengeleg
- Du har gode evner til samarbeid og kommunikasjon med ulike yrkesgrupper
- Du er ein bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Spanande jobb i eit triveleg arbeidsmiljø
- Opplæringsplan for nytilsette
- Fagleg utvikling
- Fleksitidsordning med kjernetid kl. 08.30 - 15.00.
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons - og forsikringsordningar
- Bistand til å skaffe bustad - opplys i søknaden dersom det er ønskjeleg
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om arbeidsgiveren
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Bioingeniør
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Bioingeniørstudent, Patologi, Laboratorium, Laboratorie, Diagnostikk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 392125671
- Sist endret