Avdelingsleiar
Osterøy kommune
- Frist 2.3.2025
- Ansettelsesform Fast
Avdelingsleiar Valestrand skule
Osterøy kommune har ledig 100% stilling som avdelingsleiar på Valestrand skule frå og med 01.08.2025!
Er du ein varm, tydeleg og strukturert skuleleiar vil vi gjerne ha deg på laget på den flotte skulen vår.
Valestrand skule ligg i kort avstand frå Åsane. Skulen har nydeleg utsikt til Ole Bull sitt feriehus, og med mykje fin natur og turområde i nærleiken.
Valestrand skule er ein 1.-7.skule som skuleåret 2024-25, har om lag 254 elevar, og 30 tilsette. Skulen sitt leiarteam består av to avdelingsleiarar, rektor og SFO-leiar. Skulen har tre kjerneverdiar; engasjert, inkluderande og kreativ.
Osterøyskulen har ein felles kvalitetsutviklingsplan der vi har fokus på dei tre satsingsområda; trygt og godt skulemiljø, elevmedverknad og lesing.
Vi er opptekne av å utvikle oss og skape gode læringsfellesskap for våre elevar og dei tilsette.
Vi håper å sjå deg på søkjarlista!
Arbeidsoppgåver
- Leie eigen avdeling og sikre utvikling og vekst i lag med resten av leiarteamet
- Syte for eit godt og inkluderande læringsmiljø
- Leie utviklingsarbeidet ved skulen i tett samarbeid med leiarteamet
- Samarbeid med føresette og faginstansar
- 30% undervisning ligg til stillinga
Vi tilbyr
- Ein arbeidsplass omringa av nydeleg natur
- Du vil bli leiar for kompetente, utviklingsorienterte og engasjerte tilsette
- Inkluderande og positive kollegaer både på skulen og på tvers i kommunen
- Spennande og utfordrande oppgåver
- Rom for personleg og fagleg utvikling
- Gode parkeringsmoglegheiter dersom du kjem med bil. Reiser du kollektivt er skulen ein kort spasertur unna ferjekaien som tar deg over til Breistein. Busshaldeplass rett ved skulen!
- Gode pensjons- og forsikringsvilkår
Kvalifikasjonskrav
- Du må ha pedagogisk og fagleg utdanning som gjer undervisningskompetanse i grunnskulen.
- Tilleggsutdanning innan leiing og/eller organisasjonsutvikling er ønskjeleg, men dersom du ikkje har det, må du ha tileigna deg det innan to år etter tilsetjing
- Relevant leiarerfaring er ein fordel, fortrinnsvis erfaring frå skuleleiing, sjølv om dette ikkje er eit krav
- God relasjonskompetanse er naudsynt
- Kunne drive endringsarbeid og utvikling på ein involverande måte, i tråd med skulen og kommunen sine målsettingar
Kven er du?
Du:
- har eit elevsyn i tråd med overordna del i LK20
- brenn for elevane si læring og har eit hjarte for elevane våre
- likar å samarbeid med dine kollegaer
- er strukturert, effektiv, fleksibel, løysingsorientert og tydeleg når det er trong for det
- toler å stå i utfordringar og har stor arbeidskapasitet
- forstår kva det vil seie å leie, vise tillit, gje ansvar og følgje opp
- har erfaring som tydeleg klasseleiar og undervisning og har evne til å rettleie andre
- er synleg i organisasjonen
Lærarar er medlem av Statens pensjonskasse!
I tillegg til livsvarig alderspensjon og AFP, kan du ha rett på økonomisk stønad om du skulle bli sjuk eller uføre. Du får og gode betingelsar på boliglån, og dine næraste kan dessutan ha rett til etterlattepensjon når du døyr.
Tryggleik for deg som lærar - får du redusert inntektsevna di på grunn av sjukdom eller skade, kan du ha rett til uførepensjon.
Tryggleik for familien din - Din ektefelle, partnar eller barn kan ha rett til etterlattepensjon når du døyr.
Gunstig boliglån - Boliglånsrenta til SPK ligg i gjennomsnitt under marknadsrenta!
Livsvarig alderspensjon og AFP - Som medlem i SPK får du ei god alderspensjon når du pensjonera deg!
Om arbeidsgiveren
Osterøy kommune – Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av Nord-Europas største innlandsøyer, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på om lag 8 000 innbyggjarar og det er både bru- og ferjesamband til nabokommunen Bergen. Frå Lonevåg sentrum, kommunesenteret vårt, tar køyreturen til Bergen om lag 45 minutt, til Åsane tar det om lag 30 minutt og til Arna kjem du på om lag 20 minutt. I tillegg til Lonevåg har ein og Valestrand, Haus, Fotlandsvåg og Bruvik som større bygder/tettstadar.
Osterøy har ein allsidig og livskraftig småindustri innan mekanisk, møbel, tekstil og næringsmiddelindustri. Fiskeoppdrett/-foredling er og ei viktig næring. Landbruk sysselset om lag 300 personar og tømraryrket står framleis høgt i kurs her på Osterøy.
I Osterøy skal det vere godt å bu både for unge og eldre. Kommunen har eit rikt kulturliv, ulike idrettsaktivitetar, godt utbygd skule- og barnehagetilbod og gode helse- og sosiale tenester.
Bli med på laget i Osterøy kommune! Me ønskjer oss stadig fleire kompetente og engasjerte medarbeidarar. Me ser fram til å ta godt i mot deg og gje deg ein meiningsfull arbeidskvardag.
- Sektor: Offentlig
- Lederkategori: Leder
- Sted: Valestrandsvegen 338, 5281 Valestrandsfossen
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Helse og omsorg, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Ledelse, Undervisning og pedagogikk
Nøkkelord
avdelingsleder, skoleleder, skoleledelse, grunnskole, adjunkt
Bullahuset ligg nydeleg til som nabo til Valestrand skule. (1/4)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 392128114
- Sist endret