Sommarvert De Heibergske samlinger - Sogn folkemuseum
Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane
- Frist 28.02.2025
- Ansettelsesform Sommer/Sesong
Sommarvert De Heibergske samlinger - Sogn Folkemuseum
Med oss fer du rikare!
Vi i Musea i Sogn og Fjordane søkjer deg som vil bruke delar av sommaren din hos oss i fantastiske omgjevnader på Vestreim i Sogndal kommune.
Etter ein sommar hos oss fer du rikare: Du har fått relevant arbeidserfaring, du har arbeidd saman med og blitt kjend med kjekke kollegaer, du har lært om kulturhistoria vår, du har møtt mange menneske og opplevd vestlandsnaturen i all slags vêr!
De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum er eitt av landets eldste og største friluftsmuseum. Dei kulturhistoriske bygningane ligg i eit flott natur- og kulturlandskap med slåttemarker, åkrar og beiteområde. I hovudbygningen finn du utstillingar, så vel som kafe og museumsbutikk. På Sogn Fjordmuseum ved Amlabukti har vi utstillingar som formidlar fjordkulturen og ein enkel kiosk.
Om stillinga
Sommaren er ei travel tid på museet, med mange besøkande som vil oppleve utstillingar, og det museet har å by på inne og ute. Som sommarvert spelar du ei viktig rolle i sesongavviklinga, og du vil ta del i å løyse mange oppgåver på museet, både åleine og saman med andre.
Som sommarvert hos oss vil du ha ei vertskapsrolle der du:
- tek imot besøkande på museet
- har førstelinjeteneste i resepsjon (telefon og billettsal)
- publiserer innhald i museet sine SoMe-kanalar
- driv salg og varehandtering i butikk
- lagar mat og driv sal i kafeen
- går omvisingar med besøkande
- går vaktrunder i museet og har enkelt tilsyn med dyra
- har enkle administrative oppgåver
- har enkle reinhalds- og skjøtselsoppgåver
Vi ser etter deg som:
- er fødd seinast i 2007
- er flink til å uttrykke deg munnleg på norsk og engelsk
- trivst i ei vertskaps- og omvisarrolle
- har interesse for og likar å formidle kulturhistorie
- har erfaring med SoMe
- tilpassar deg og trivast med variasjon i arbeidsoppgåver
- stiller opp og er til å lite på
- har ordenssans og får ting gjort
Praktisk informasjon om stilling og søknad
Som sommarvert hos oss vil du få god opplæring både på museet, og som deltakar på eit digitalt INTRO-program for alle sommarvertar i Musea i Sogn og Fjordane. Du må derfor ha høve til å setje av tid til dette laurdag 26. april.
Arbeidet på museet følgjer vaktplan, normalt med arbeidstid mellom 09:45-17:15 måndag til søndag i perioden 02.06.2025-31.08.2025.
Vi oppmodar kvalifiserte kandidatar om å søkje uavhengig av kjønn, funksjonsevne og kulturell bakgrunn. Søknad registrerer du via lenke på denne sida. CV, vitnemål og attestar skal du laste opp under "Vedlegg".
Vi gjer merksam på at søkarlista kan bli kravd gjort offentleg.
Nærare opplysningar får du ved å vende deg til museumsleiar, sjå kontaktinfo nedst på denne sida.
Ved spørsmål som gjeld elektronisk søknadsskjema kan du ta kontakt med Jobbnorge på tlf. 75 54 22 20 eller kundeservice@jobbnorge.no kvardagar mellom 08:00-16:00.
Om arbeidsgiveren
Vi seier at kunnskap, erfaringar og opplevingar gjer oss rikare. På tolv ulike museum mellom fjord og fjell gjev vi ny innsikt i korleis verda hang saman for menneska i fjern og nær fortid. Og om korleis dette betyr noko for korleis verda heng saman for oss i dag.
På De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum stiller vi ut kulturhistoriske bygningar for folk og fe. Viser fram små og store ting i hopetal, av det kvardagslege, høgtidelege, kuriose og livsnødvendige slaget. Her formidlar vi kunnskap om korleis vi brukte tinga, til kva, og kvifor. Og historier om levesett, livsstil og verdsbilete. Flust av opplevingar å bli rikare av - både for besøkande og for våre tilsette.
De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum og Sogn Fjordmuseum er ein del av Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane, saman med fleire andre museum som Norsk Reiselivsmuseum, Sunnfjord Museum, Nordfjord Folkemuseum, Kystmuseet i Sogn og Fjordane, Norsk Kvernsteinsenter, Kystmuseet og Sogn og Fjordane Kunstmuseum.
Stiftinga har om lag 60 årsverk. Les meir om Musea i Sogn og Fjordane her: www.misf.no.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Mannhellervegen 643, 6854 Kaupanger
- Bransje: Museer, gallerier og kulturminne
- Stillingsfunksjon: Kundeservice, Mat og servering, Resepsjon
Annonseinformasjon
- FINN-kode 392136554
- Sist endret