Driftsingeniør
Sogn og Fjordane Energi
- Frist 2025-02-23
- Ansettelsesform Fast
Vi søkjer driftsingeniør til produksjonssentralen
Behovet for energi er større enn nokon gong i samfunnet vårt, og som energiselskap er vi ein viktig del av løysinga for å få til dette. Vårt samfunnsoppdrag er å få fram krafta som samfunnet treng, og forvalte den på beste måte.
Vi søkjer no ein ny driftsingeniør til produksjonssentralen, og ser etter deg som vil vere med å skape den fornybare framtida i lag med oss i SFE.
Vår produksjonssentral blei etablert i 2023 og flytta inn i nye lokale i mars 2024. Som driftsingeniør har du ei viktig rolle med styring og overvaking av kraftverk og reguleringsanlegg. I tillegg bidreg du inn mot vidareutvikling av våre digitale verktøy nytta i kraftforvaltning og analyse.
Teamet du vil inngå i driv også med optimalisering av kraftproduksjonen for å skape høgast mogleg meirverdi, noko som inneber døgnkontinuerleg handel i kraftmarknaden. Produksjonssentralen har ei viktig koordinerande rolle og løpande dialog med kraftverksoperatørar, nettselskap og Statnett. Driftsingeniørane på produksjonssentralen inngår i ei døgnbemanna skiftordning som er bemanna året rundt.
Du er strukturert, grundig og trivst med daglege oppgåver som til dømes analyse av ulike data frå kraftproduksjonen vår, og det å sikre at vi tek i vare lovpålagde vassdragskonsesjonar. Du taklar også hektiske situasjonar som oppstår ved uføresette hendingar i kraftverk eller vassdrag. Du er årvaken, engasjert, og ein pådrivar i bruk og utvikling av tekniske løysingar. Du jobbar godt i lag med andre, men trivst og med sjølvstendig arbeid.
Du har helst utdanning frå høgskule eller tilsvarande, gjerne innan elektrofag. Vi er òg nysgjerrige på deg viss du har fått din ingeniørkompetanse via ei meir praktisk tilnærming gjennom fagbrev, fagskule eller gjennom relevant arbeidserfaring.
Vi er 111 tilsette i SFE Produksjon, og jobbar ved ulike lokasjonar i Sogn, Sunnfjord og Nordfjord. Hovudkontoret vårt er på Sandane, der også produksjonssentralen ligg. Vi er operatør for 32 vasskraftverk og eitt vindkraftverk. Dei største kraftanlegga våre finn du Ålfoten og Svelgen i Bremanger, og i Mel i Sogn. Samla produksjon utgjer 2,4 TWh. Selskapet er i ei positiv utvikling, og har fleire nye spennande utbyggingsprosjekt på gang som vil bidra til det grøne skiftet. Vi har stort fokus på systemutvikling og digitalisering av kraftproduksjonen vår.
Difor skal du velje oss!
Hos oss får du ein spanande og variert arbeidskvardag saman med eit engasjert team som er viktig for verdiskapinga til selskapet. Moderne kraftproduksjon er høgteknologisk, og vi er stolte av å vere eit framtidsretta selskap som arbeider kontinuerleg mot å innfri vårt samfunnsoppdrag - å skape den fornybare framtida.
Vi håpar at du ser ei spanande moglegheit til å nytte din ingeniørkompetanse hos oss. Som ein del av SFE vil du oppleve å jobbe i eit selskap som et stor pris på sine tilsette. Dette vart tydeleg stadfesta gjennom vår siste medarbeidarundersøking, der trivsel og fellesskap vart løfta fram som nokre av våre største styrker. Vi satsar målretta på utvikling av medarbeidarane våre og tilbyr attraktive ordningar. Verdiane våre – Stolt, Frisk, Ekte – er med oss i alt vi gjer. , og vi inviterer deg til å bli med oss på vegen vidare.
Vi meiner at mangfald er ein styrke, og oppmodar personar med ulike bakgrunnar til å søkje. Vi gler oss til å høyre frå deg!
Før tilsetting av den rette kandidaten hos oss, vil vi etter samtykke gjennomføre bakgrunnssjekk og personkontroll med heimel i kraftberedskapsforskrifta. Relevante kandidatar vil få nødvendig informasjon om dette. Tilsetting gjerast berre under føresetnad om godkjent bakgrunnssjekk.
Vi vurderer innkomne søknader fortløpande inn mot søknadsfristen 23. februar 2025.
Kontaktpersonar:
- Teamleiar Produksjonssentral, Kevin Denton, telefon 419 25 891
- Avdelingsleiar Energi og Marknad, Bengt J. Haugnes, telefon 918 08 917
- Sektor: Privat
- Sted: Sørstrandsvegen 227, 6823 Sandane
- Bransje: Kraft og energi
- Stillingsfunksjon: Ingeniør
Annonseinformasjon
- FINN-kode 392218121
- Sist endret