Sjukepleiar natt 60-80%
Alver kommune
- Frist 26.2.2025
- Ansettelsesform Fast
Vi søkjer deg som har motivasjon for eldreomsorg!
Vi har ledig 60-80% fast stilling som sjukepleiar på natt med arbeid i snitt kvar 3 helg.
Om Knarvik sjukeheim
Knarvik sjukeheim er lokalisert sentralt i Knarvik. Det er plass til 72 pasienter fordelt på 3 avdelinger. Stillinga er organisert under avdeling 3 , men på natt vil ein ha arbeidsstad på alle avdelingane ved sjukeheimen.
Knarvik sjukeheim har 3 avdelingar:
- Avdeling 1: Langtidsplass somatisk
- Avdeling 2: Langtidsplass somatisk og 18 korttidsplassar
- Avdeling 3: Korttidsplass
For oss er det viktig at alle pasientane som får riktige og hensiktsmessige tenester, god pleie og omsorg.
På korttidsplassane er det pasientar som skal kartleggast og enten tilbakeførast til eigen bustad, eller få meir hjelp i kvardagen. Derfor arbeider vi tverrfagleg, i samarbeid med fysio- og ergoterapitenesta, sjukeheimslege, heimeteneste og forvaltning. Eit viktig fokusområde for når ein arbeider på natt er at vi skal bidra heile døgnet med å følge opp pasienten sine tiltaksplaner, og med det sikre at pasientene får riktig og hensiktsmessige tenester.
Avdelinga har eit aktivt miljø og det er viktig at ein kan snu seg fort. Vi har eit arbeidsmiljø med mykje humor og god takhøyde.
Arbeidsoppgåver
- Omsorgsfull og forsvarleg sjukepleie etter gjeldande lovverk og interne rutiner
- Veiledning av kollegaer
- Samarbeid med pårørende, og på tvers av tjenestane i kommunen
- Være ein pådrivar i avdelinga for å sikre gode tjenestar til pasientane
- Være aktiv pådrivar for at pasientane får brukt sine eigne ressursar
- Følge opp tiltaksplaner på natt
Kompetansekrav
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
- Dersom du er utdanna utanfor Norden treng du godkjend B2-test.
Kven er du?
Du er ein sjukepleiar som møter utfordringer i arbeidet med engasjement, handlekraft og som er fagleg trygg. Du er nysjerrig på faget, ønskjer å lære noko nytt kvar dag og trives med å arbeide med pasienter med komplekse helseutfordringer. Du er ein som får lett oversikt over arbeidsoppgavene og klarer å sjå heilhetsbilde og prioritere i ein travel kvardag. Vi ser etter ein sjukeppleiar som i tillegg til å vere tydeleg også klarer å sjå den enkelte pasient, pårørende og kollega. Du er ein bidragsyter i arbeidsmiljøet, er fleksibel ogjobbar godt i team.
Vi tilbyr
- Spennande og fagleg utfordrande arbeidsoppgåver
- Løn og tilsetjingsvilkår i i samsvar med lov og avtaleverk
- Funksjonstillegg på kroner 18 000,- i 100% stilling for arbeid som sjukepleiar på natt
- Sjukepleiarar i Alver kommune ligg 10 000 over minstelønnsgarantien til KS
- Årsturnus
- Engasjerte, flotte og framtidsretta kollegaer
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Vi er Alver
Bli kjent med Alver kommune
Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune
Om arbeidsgiveren
Sjukeheimstenesta i Alver kommune består av 4 sjukeheimar: Knarvik sjukeheim, Lindås bu-og servicesenter, Meland sjukeheim på Frekhaug og Velferdssenteret på Manger. Sjukeheimstenesta har totalt 175 plassar fordelt på korttidsplassar og langtidsplassar for somatikk og demens, palliative plassar, rehabiliteringsplassar og plassar til rullerande avlastning.I tillegg til sjukeheimsavdelingar er kommunalt kjøkken og ressursbank organisert i sjukeheimstenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Kvernhushaugane 7, 5914 Isdalstø
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Helse og omsorg, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Sykepleier
(1/2)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 392220615
- Sist endret