Fagansvarleg fysioterapeut i Ulvik herad
Ulvik herad
- Frist 26.2.2025
- Ansettelsesform Fast
Spennande og allsidig fysioterapeutstilling med fagansvar
Oppgåver
Som fagansvarleg får du ansvaret for å sikre at tenestene me leverer er gode og forsvarlege frå eit fysioterapifagleg perspektiv. For å lukkast med dette må du samarbeide godt med din kollega samt andre faggrupper og leiar. Oppgåvene vil omfatte:
· Følgje opp tilviste pasientar i tråd med fysioterapitenesta sine interne rutinar og prioriteringsnøkkel
· Driva eit aktivt tilbod om fysioterapi for ulike pasientgrupper etter behov på institutt.
· Oppfølging av pasientar innan helsestasjon og skulehelseteneste, kommunelege og i institusjon
· Kartlegging, testing og funksjonsvurdering av pasientar
· Rettleiing av pasientar individuelt og i gruppe
· Fokus på tverrfagleg samarbeid og teamarbeid, samt koordinerande arbeid.
· Utøve kunnskapsbasert fysioterapi.
· Bidra i utviklinga av fysioterapitenestene og til ein kvar tid vera fagleg oppdatert.
· Det må påreknast behandling heime hjå brukar
Om arbeidsgiveren
Helse og velferd i Ulvik herad er ei eining med om lag 50 årsverk og har eit tenestetilbod som omfattar sjukeheim, institusjonskjøkken, heimesjukepleie, fastlegelegekontor med daglegevakt, skulehelseteneste og helsestasjon, heimehjelp, fysioterapi, ergoterapi, psykisk helse og rus, sosialtenester, og flyktningtenester. Eininga har godt samarbeid med kringliggande kommunar i Voss lokalsjukehusområde. Frå 01.01.2025 har Ulvik herad ei nyoppstarta barne- og familieeig der PPT, barnevern, helsestasjon og barnekoordinator er organisert i ein avdeling.
Me har lokalar i Ulvik sentrum og på Ulvik Omsorgstun som var nytt i 2020. Som tilsett hos oss vert du del av eit godt arbeidsmiljø med flotte folk og stort mangfald.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Skeiesvegen 3, 5730 Ulvik
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Fysioterapeut
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
fysioterapeut, fagansvarleg
Annonseinformasjon
- FINN-kode 392228961
- Sist endret