Trainee
Lotteri- og stiftelsestilsynet
- Frist 01.03.2025
- Ansettelsesform Trainee
Frivilligheitsavdelinga vår søker nyutdanna jurist eller økonom/revisor til trainee-stilling
Vi gjer det enkelt å drive frivilligheit i Norge. Bli med på laget? Lotteri- og stiftelsestilsynet er på utkikk etter ein trainee til avdelinga vår for frivilligheitsstøtte. Vi søker deg som er nyutdanna jurist eller økonom/revisor – som vil utvikle deg i faget ditt og jobbe for å styrke det frivillige Norge.
Kven er vi?
I 2024 delte vi ut rundt 4,4 milliardar kroner gjennom tilskotsordningane våre. Med andre ord er det vi som deler ut mest pengar til frivillig sektor i Norge. Vi får oppdraga våre frå Kultur- og likestillingsdepartementet, og avdelinga vår har ansvar for mange og varierte oppgåver innanfor tilskotsforvaltning og frivillig sektor.
Heile Lotteri- og stiftelsestilsynet er rundt 90 tilsette, og på vår avdeling er vi ein gjeng på rundt 20. Folk har variert bakgrunn, men flest er juristar, økonomar eller revisorar.
Kva gjer vi?
Vi forvaltar store tilskotsordningar, og fører kontroll med desse. I tillegg har vi tilsyn med grasrotandelen frå Norsk Tipping, og ansvar for å drifte og vidareutvikle tilskudd.no. Det gir oss unik innsikt om frivillig sektor, som vi brukar til å gjere det enklare å drive frivilligheit i Norge.
Vi jobbar blant anna med å rettleie søkarane våre, lov- og forskriftsarbeid, utvikling av brukarvennlege løysingar, saksbehandling og tilsyn.
Som trainee hos oss vil du mellom anna få jobbe med momskompensasjonsordninga, som er den største og viktigaste tilskotsordninga for frivillige organisasjonar i Norge.
Kva ser vi etter?
Vi har varierte oppgåver på avdelinga, og er opne for både deg som er nyutdanna jurist eller revisor/økonom. Som jurist må du ha master i rettsvitskap. Som revisor/økonom kan du søke med bachelor eller master. Du får oppgåver som er tilpassa kompetansen din, sett opp mot behova på avdelinga.
Vi ser for oss at du likar å jobbe i eit lag, og du kjem til å jobbe med å rettleie frivillige organisasjonar. Du vil også arbeide sjølvstendig med å handsame søknadar om tilskot og eventuelle klager.
Kvifor skal du velje oss?
Du blir ein del av eit sterkt fagmiljø, og Lotteri- og stiftelsestilsynet har god erfaring med å ha traineear gjennom ordninga til Framtidsfylket.
Det er viktig for oss at dei tilsette trivast, og som trainee hos oss vil du få:
- Erfaring som sakshandsamar
- God kjennskap til frivilligheita i Norge
- Godt innblikk i offentleg forvaltning
- Nettverk med andre traineear – inkludert fire samlingar
Vi tilbyr fleksibel arbeidstid, gode velferdsordningar og ein generelt fleksibel personalpolitikk. I tillegg held vi til i moderne kontorbygg i Førde sentrum, der vi har kantine med lunsjordning, samt trening i arbeidstida og eige trimrom på huset.
Som trainee hos Framtidsfylket får du:
Som trainee hos oss blir du del av Framtidsfylkets traineeprogram. Å starte arbeidslivet som trainee i gir ein smooth overgang frå studieliv til arbeidsliv. Gjennom traineeprogrammet får du oppfølging frå eigen mentor og vil oppleve eit støttande fellesskap med andre traineear.
Fire gonger i året reiser du på traineesamling for å få fagleg påfyll, personleg utvikling og møte andre traineear. I løpet av året vil du utvide både ditt profesjonelle og personlege nettverk og oppleve vakre Vestland.
Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:
- Minimum bachelor, master eller fagskuleutdanning
- Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
- Du må forstå og kommunisere på norsk
Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2025 til august 2026.
Så, kva trur du? Om du synest dette høyrest interessant ut, men har lyst å vite meir – ikkje nøl med å ta kontakt. Vi fortel gjerne meir om våre spennande arbeidsoppgåver!
Verdt å merke seg
Stillinga er utlyst som førstekonsulent stillingskode 1408. Det blir trekt 2 prosent til innskot i Statens pensjonskasse. Stillinga har ei prøvetid på seks månader.Om arbeidsgiveren
Lotteri- og stiftelsestilsynet er ein spennande arbeidsplass som held til i Førde i Sunnfjord.
På huset jobbar rundt 90 engasjerte kollegaer innan mange ulike fagfelt.
Samfunnsoppdraget vårt er å sikre ansvarlege pengespel, ei sterk frivilligheit og trygge stiftelsar. Det betyr blant anna at vi skal passe på at norske pengespeltilbydarar og norske stiftelsar driv i samsvar med lova. Vi forvaltar også fleire støtteordningar til frivillige lag og organisasjonar, og fører tilsyn med blant anna Grasrotandelen til Norsk Tipping.
Vi har eit godt arbeidsmiljø, og ein velferdskomité som finn på kjekke ting for oss. Vi har mange spreke folk på huset, så her er det gode moglegheiter for å hive seg med på topptur eller intervalltrening. Viss det ikkje er di greie, vil du kanskje heller hive deg med på quiz-laget vårt på Elvesus? Vi testar allmennkunnskapen kvar dag i vår faste quiz i kaffibaren kvar dag etter lunsj 😊
Vi håpar å høyre frå deg! Om ikkje denne stillinga trefte blink i forhold til det du er på jakt etter, så er du sjølvsagt velkommen til å ta kontakt med oss likevel. Vi har stadig behov for flinke folk!
- Sektor: Offentlig
- Sted: Storehagen 1B, 6800 Førde
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Offentlig administrasjon, Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon: Jurist, Økonomi og regnskap, Revisjon
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Trainee, Jurist, Økonom/revisor, Førde, Sunnfjord
Annonseinformasjon
- FINN-kode 392238288
- Sist endret