
Seksjonsleiar VVS
Helse Bergen
- Frist 28.02.2025
- Ansettelsesform Fast
Seksjonsleiar VVS
Ansvarsområde for Drift/teknisk Divisjon:
Driftsteknisk divisjon består i hovudsak av dei fleste ikkje-medisinske avdelingane til Helse Bergen. Divisjonen har om lag 1400 tilsette, med eit mangfaldig og variert kompetansespekter. Divisjonen har ansvar for drift, reinhald, sikkerheit og vedlikehald av over 500.000 m2 areal med bygningar og ansvar for medisinsk-teknisk utstyr til i overkant av 1 milliard kroner. Hovudansvar for planlegging av investeringar i nybygg, ombyggingar og innhenting av tilbod til utstyr som årleg ligg rundt 400 millionar kroner. I tillegg har divisjonen ansvar for arealplanlegging og arealdisponering/ arealtildeling på sjukehuset. Vi utstyrer òg sjukehuset med mat, klede og transporttenester.
Ansvarsområde for Teknisk Avdeling:
Teknisk avdeling forvalter Helse Bergen sin eigedomsmasse og har ansvar for drift og vedlikehald av bygninger, tekniske installasjoner og utvendig areal. Avdelinga er organisert med einingar for Eigedom og Byggteknisk med fagseksjonar for Bygg og Park, Elektro, HMS&K, Maskin, Sterilteknikk, Transportteknisk, Vedlikehaldsstyring/Teknisk Informasjon og VVS, samt eigne tverrfaglege seksjonar ved sjukehusa i Sandviken og på Voss.
Ansvarsområde seksjon for VVS:
VVS-seksjonen tilhøyrer Byggteknisk eining og har ansvar for vedlikehald og sikker drift av vatn/avlaup, ventilasjon, kjøling, bassengdrift, RO-vatn og medisinske gassar. Oppgåvene vert utført av 19 fagarbeidarar og ulike leverandørar og vert styrt gjennom vårt FDV-system. Samarbeidet med øvrige fagseksjonar i Teknisk avdeling (Bygg & Park, Maskin, Elektro, Sterilteknikk, Transportteknikk, HMS&K, Vedlikehaldsstyring og våre avdelingar på Hagavik, Sandviken og Voss) er tett. VVS-faga er sentrale i sjukehuset sin infrastruktur og ein kjem tett på drifta i våre klinikkar.
Er du klar for ei utfordring i ein av Noreg sine mest komplekse driftsorganisasjoner, med ansvar for over 500.000 m2 sykehus infrastruktur?
Vi søkjer ein dyktig, engasjert og inkluderande leiar for VVS-seksjonen ved Helse Bergen HF. Denne seksjonen er verkeleg tverrfagleg og kompetansedreven, med ein sentral rolle i drifta og vedlikehaldet av sykehuset sine tenester. Seksjonen har ansvar for pålitelig og sikker drift av kritisk infrastruktur som kjøling, ventilasjon, R/O-vann, gass og rørleggjararbeid. Desse faga og kompetanseområda er avgjerande for å sikra ein trygg og effektiv drift av sykehusa våre. Stillinga rapporterer du til einingsleiar Byggteknisk og du vert ein del av leiargruppa på Teknisk avdeling
Arbeidsoppgåver
- Leie all virksomhet i seksjonen innanfor dei fullmakter som er delegert frå avdelingsleiar eller einingsleiar
- Økonomisk styring innanfor seksjonen sine tildelte budsjettmidlar
- Planlegge, følgje opp og gjennomføra seksjonen sine oppgaver i tråd med gjeldende lover og regler
- Ivareta personalansvaret for seksjonen sine medarbeidarar og sikre at det vert gitt nødvendig opplæring av ansatte
- Koordinera seksjonen på overordna nivå mtp. bemanning og leveransar
- Beslutningsmyndigheit innanfor seksjonen sine fagområder
- Sikra at etablerte rutiner og gjeldende prosedyrer blir fulgt
- Følgje opp forbetringsarbeidet i seksjonen
- Ivareta internkontroll og kvalitetssikring for alle seksjonen sine fagområder
Kvalifikasjonar
- Leiarkompetanse frå teknisk miljø
- Minst 10 års erfaring frå tekniske fag
- Relevant teknisk utdanning på ingeniør- eller teknikarnivå
- Fagbrev innan tekniske fag i kombinasjon med leiarerfaring kan erstatta krav til høgare utdanning
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- God brukarkompetanse innan IKT
Personlege eigenskapar
- Engasjert, utviklingsorientert og inkluderande leiarstil
- Evne til å skapa engasjement og trivsel hjå dine medarbeidarar
- Evne til å delegera, motivera og spela medarbeidarar gode
- Tydeleg, stukturert og målretta
- Sterk på avgjerder og gjennomføring
- Gode kommunikasjonsevner
- God på samarbeid i ein stor organisasjon
Vi tilbyr
- Løn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Gunstig arbeidstid 07:00-14:30 med mogelegheit for bruk av fleksitid
- Fagleg og personleg utvikling
- Leiaropplæring og leiarstøtte
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Gode velferdstilbod
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: 5021 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: VVS- og klimateknikk
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Seksjonsleder, VVS, Hospitaldrift, Sykehus
Annonseinformasjon
- FINN-kode 392240822
- Sist endret