Bildegalleri
autograf sondre lerche og datarock
Beskrivelse av varen
det du evt gir for desse signaturane går til pasientvelferd på kreftklinikken ved haukeland. autografane stammar frå den gongen kreftklinikken hadde eit ungdomsrom, og der arrangerte me av og til konsertar for unge vaksne med kreft. me fekk den ide å få signaturar og tok det fyrste og beste å skriva på. (luggen var bladet til det som den gong heitte ug, del av kreftforeningen, og som me hadde tilgjengeleg.) på datarock (fredrik saroea og kjetil møster) var det ingen pasientar som var i form nok til å komma, men sidan ungdomsrommet ikkje finst lenger, vil me ikkje prøva til igjen heller. i ettertid har me hatt ein til konsert med sondre lerche, i eit anna lokale ope for alle aldersgrupper, for i løpet av tida her eg gått frå å vera fritidsleiar for ungdomsrommet til å bli trivselskoordinator for heile klinikken. då benytta me sjansen til å få ein ny autograf, også derfor kan me selja dette. de får gi bud, så skal eg oppdatera annonsa etterkvart. vipps vil bli 542516 (og innbetalinga må merkast med A-10490-D10387, ettersom gavekontoen er felles i helseforetaket og merkinga indikerer kreftklinikken og då pasientvelferd. eksempel på pengebruk er konfekt el.l. til artistar som opptrer for paientar, drift av kaffimaskin til pasientar, kunst som gjer omgivelsane finare for pasientar osv.) takk evt.
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 5.2.2025 kl. 19:24 ・ FINN-kode: 392301222