Kunne du tenke deg å bli prosjektleiar?
Øygarden kommune
- Frist 27.02.2025
- Ansettelsesform Fast
Utbygging
Om avdelinga:
Utbygging er organisatorisk plassert i Eigedomsavdelinga og er ansvarleg for kommunale byggje- og anleggsprosjekt i Øygarden kommune. Som prosjektleiar i Øygarden vil du ta del i ein viktig samfunnsutvikling.
I tillegg til Utbygging består Eigedomsavdelinga av Eigedomsutvikling, Byggforvaltning, Vegforvaltning og Reinhald. Avdelinga samarbeider tett med forvaltninga og byggesak, og det er kort veg mellom vedtak og oppstart av prosjekt. Oppgåvene vil være varierte og omfattar heile verksemdsområde for eigedom, bygg, anlegg, veg, med meir. Stillinga rapporterer til leiar Utbygging.
Vi lysar no etter 2*100 % faste stillingar som prosjektleiar på eininga Utbygging.
Arbeidsoppgåver:
- Prosjektleiar har ansvar og myndigheit til å realisere utbyggingsprosjekt
- Anskaffing og oppfølging av rådgivar og utførande entreprenørar
- Leia prosjekt frå prosjektutvikling til overlevering til bruker og driftsorganisasjon
- Ansvar for tryggleik, helse og arbeidsmiljø i samsvar med Byggherreforskrifta
- Nært samarbeid med kommunens organisasjonar og administrasjonen
- Dokumentere, rapportere og presentere prosjekt
- Delta i planprosessar og anna samfunnsutviklande aktivitetar
- Bidra til utvikling av kommunens styringssystem for byggeprosjekt
Kvalifikasjonar:
Må ha:- Høgare utdanning innafor byggfag eller tekniske fag.
- Erfaring som prosjektleiar frå utbyggingsprosjekt i bygg- og anleggsbransjen.
- Kunnskap om regelverk for offentleg anskaffing.
- Administrativ og prosjektøkonomisk erfaring.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk. Administrasjonsspråket er nynorsk.
- Førarkort klasse B
- Erfaring med fasebasert prosjektgjennomføring
- Erfaring med SHA i utbyggingsprosjekt.
Du må trivst med utfordrande oppgåver og handtera fleire prosjekt i ein hektisk kvardag. Du har/er:
- Målretta, engasjert og løysingsorientert
- Evne til å utøve leiarskap og trygg på eigne avgjerder
- Ein ryddig og strukturert arbeidsform, og evne til systematisk planlegging
- At du bidreg til det faglege og sosiale miljøet.
Anna:
Utbygging har kontor på Øygarden Rådhus, og følgjer opp prosjekt i heile kommunen. Avdelinga jobbar med alle typar prosjekt innafor alle tenesteområde. Du kjem tett på brukarane og vil også presentere prosjekter på politisk nivå. I Øygarden kommune vil du ta del i samfunnsutviklinga gjennom mange store og viktige byggeprosjekt i åra framover.
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling knytt til arbeidsoppgåver
Kontakt:
Christian Alsaker, leiar utbygging
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Kommunen ønskjer å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.
Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Om arbeidsgiveren
Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1, 5354 Straume
- Bransje: Bygg og anlegg
- Stillingsfunksjon: Bygge- og anleggsteknikk, Ledelse, Teknisk personell
Nøkkelord
ingeniør, prosjektleder, prosjektleiar, teknisk, byggfag
Annonseinformasjon
- FINN-kode 392389427
- Sist endret