Politiadvokat / politiadvokat 2
Økokrim
- Frist 03.03.2025
- Ansettelsesform Fast
Politiadvokat / politiadvokat 2
Økokrim skal støtta opp under arbeidet til politiet med inndraging gjennom nasjonal forvaltning og utvikling av ein målretta innsats for å sikra auka inndraging av utbytte frå straffbare handlingar. Inndraging av utbytte er derfor eit viktig verkemiddel i kampen mot all profittmotivert kriminalitet. For økonomisk kriminalitet der moglegheita for profitt er stor, kan inndraging vera vel så verknadsfullt som straff. Kriminalitet skal ikkje lønna seg. Økokrim skal derfor no mellom anna rekruttera fleire politiadvokatar for å styrkja det nasjonale arbeidet med inndraging av utbytte frå kriminalitet.
Om stillinga
Som politiadvokat vil du inngå i juridisk avdeling og delta i tverrfaglege etterforskingsprosjekt med andre juristar og etterforskarar med politi-, økonomi-, miljø- og datafagleg bakgrunn. Du vil samarbeida tett med politidistrikta i den nasjonale satsinga på inndraging.
Arbeidsoppgåver
- arbeid med sikring av verdiar
- planleggja, organisera og leia etterforskingsprosjekt
- påtala straffesaker
- aktorera saker for tingrett og lagmannsrett
- driva opplæring internt og eksternt
- samarbeide med styresmakter i inn- og utland
- samarbeide med Økokrims medarbeidarar og fagpersonar i politidistrikta
- utføra andre relevante oppgåver
Kvalifikasjonar
Må-krav
- juridisk embetseksamen eller mastergrad i rettsvitskap
- særs god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
- særs gode juridiske kunnskapar
Ønskelege
- 5 års relevant yrkeserfaring
- erfaring frå straffesaksarbeid er ein fordel. Vi legg òg vekt på anna relevant arbeidserfaring og/eller annan relevant kompetanse
- interesse for inndragning som verkemiddel i kampen mot kriminalitet
Du må ha plettfri vandel og vera skikka for teneste i politiet, og politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved ev. tilsetjing. jf. politiloven § 18 og politiregisterlova § 41.
Personlege eigenskapar
- høg integritet
- evne til å arbeida effektivt, gjennomføra planar og oppnå resultat
- initiativrik og sjølvgåande
- evne til å samhandla godt internt og ekstern
- evne til å bidra til kompetansedeling
Personleg kvalifikasjonar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- deltaking i ei nasjonal og prioritert satsing initiert av regjeringa og Stortinget
- samarbeid med politi og andre etatar i inn- og utland
- godt arbeidsmiljø med tverrfagleg samarbeid
- utviklande og spennande arbeidsoppgåver
- medlemskap i Statens pensjonskasse
- fleksibel arbeidstid
- trening i arbeidstida
- stillinga blir lønt som politiadvokat (stillingskode 1245) kr 750 000–850 000 / politiadvokat 2 (stillingskode 1543), kr 850 000–980 000. Høgare løn kan vurderast ved særskild kompetanse/erfaring.
- I tillegg får politiadvokatar i Økokrim eit mellombels tillegg for unnatak frå arbeidsmiljølova (for tida kr 41 806 pr. år)
Det kan bli endringar i stillingsbetegnelser- og kodar når nytt gradssystem for Politiet blir vedteke.
Om arbeidsgiveren
Økokrim førebyggjer, etterretter, etterforskar og fører saker for retten innanfor økonomisk kriminalitet og miljøkriminalitet over heile landet. Økokrim er lokalisert i Oslo og har i tillegg ei bedragerieining på Gjøvik. Les meir om oss på www.okokrim.no.
Økokrim følgjer personalpolitikken til staten om å styrkja likestilling, inkludering og mangfald. Den seier at dersom vi har kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, så skal vi kalla inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. Kryss derfor av om dette i rekrutteringsportalen. Sjå https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling.
For tilsetjing i politiet krevjast plettfri vandel og du må derfor innhenta uttømmande og utvida politiattest, jf. politilova § 18 og politiregisterlova § 41
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 6
- Sted: C. J. Hambros plass 2C, 0165 Oslo
- Bransje: Politi og sikkerhet
- Stillingsfunksjon: Jurist, Politiadvokat
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
inndragning, påtale, økonomisk kriminalitet, nasjonal forvaltning, inndragning
Annonseinformasjon
- FINN-kode 392421609
- Sist endret