Prosjektleiar sjukefråvær
Øygarden kommune
- Frist 23.02.2025
- Ansettelsesform Vikariat
Organisasjon og beredskap
Vil du vere ein pådrivar for å fremme helse og nærvær på jobb? Er du ein god relasjonsskapar som får med deg andre? Har du i tillegg høgare utdanning, leiarerfaring, organisasjonsforståing og erfaring frå strategiarbeid? Då kan du vera den rette for oss.
Øygarden kommune er ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar. Vi løftar fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Våre ambisjonar er å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet i tenestene.
Prosjektleiar sjukefråvær vil ha ei viktig rolle for å redusere sjukefråværet i kommunen, fremme helse og engasjement. Du vil få ansvar for utvikling og oppfølging av sjukefråværsprosjektet «Jobben gjer frisk», leie og koordinere tiltak, utvikle organisasjonen sin kompetanse innan sjukefråvær, samt rapportere til politiske utval.
Prosjektleiar sjukefråvær er organisert i stab hjå kommunalsjef for Organisasjon og beredskap. Stillinga er eit vikariat i 100 % stilling i eitt år, med moglegheit for forlenging.
Ansvarsområde:
- Utvikling og oppfølging av sjukefråværsprosjektet «Jobben gjer frisk»
- Leie og koordinere tiltak
- Analysere statistikk og utarbeide sjukefråværsrapportar
- Rapportere munnleg og skriftleg til politiske utval
- Legge til rette for å auke organisasjonen sin kompetanse innan sjukefråvær
- Ansvar for drift og utvikling av digitale verktøy
- Informasjonsarbeid og arrangement innan sjukefråvær
- Pådrivar i arbeidet med å inkludere i organisasjonen og tett samarbeid med NAV Stat og NAV Arbeidslivssenter
- Tett samarbeid med sentrale aktørar internt i organisasjonen og eksternt (Universitetet i Bergen)
Vi ser etter deg som har:
- Relevant utdanning på bachelor eller masternivå, for eksempel HR, arbeids- og organisasjonspsykologi eller leiing, men lang og relevant erfaring kan kompensera for manglande formell utdanning
- Erfaring frå komplekse organisasjonar
- Organisatorisk forståing
- Erfaring med strategiarbeid
- Høg digital kompetanse
- Erfaring med kommunale/offentlege prosessar
- Gode relasjonelle evner
- Evne til å analysera og løysa komplekse utfordringar
- Gode munnlege- og skriftelege kommunikasjonsevner
- Evne til å arbeida systematisk, sjølvstendig og har høg arbeidskapasitet
- Evne til framtidsretta tenking
Vi tilbyr:
Ein variert og fleksibel arbeidskvardag med god mogelegheit for utvikling og sjølvstende, saman med eit kompetent miljø innan ulike fagområde både innanom og utanom kommunen.
Vi har gode pensjons- og forsikringsordningar, bedriftsavtale med Aktiv365, MOVA og tilbod om heimekontor.
Synest du dette er interessant eller har spørsmål, ta gjerne kontakt med:
Anne-Merete Vabø Haugane, kommunalsjef for organisasjon og beredskap
Tlf: 400 85496
E-post:
Benedicte Sletten Larsen, prosjektleiar, organisasjon og beredskap
Mobil: 415 53 016
E-post:
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.
Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Om arbeidsgiveren
Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1, 5354 Straume
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Konsulent og rådgivning, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: HR, personal og rekruttering, Kontor og administrasjon, Prosjektledelse
Nøkkelord
Prosjektleder, prosjektleiar, sykefravær, sjukefråvær
Annonseinformasjon
- FINN-kode 392430646
- Sist endret