Avdelingsleiar yrkesfag
Rogaland fylkeskommune
- Frist 23.02.2025
- Ansettelsesform Fast
Avdelingsleiar yrkesfag
Ølen vidaregåande skule er ein kombinert skule som pr. i dag har ca 300 elevar og om lag 70 tilsette. Skulen tilbyr studiespesialisering, påbygg, idrettsfag, elektro og datateknologi, teknologi og industrifag, bygg og anleggsteknikk, helse- og oppvekstfag. I tillegg har me individuell tilrettelagt opplæring (arbeidstrening). Skulen er ein av fire i Rogaland som driv fengselsundervisning.
Ølen vgs er MOT-skule, og er kjenneteikna av godt læringsmiljø, gode faglege resultat og høg trivsel.
For meir info: www.olen.vgs.no
Frå 1. mai 2025 er det ledig 100% fast stilling som Avdelingsleiar yrkesfag.
Arbeidsoppgåver
Til stillinga ligg det personalansvar, økonomioppfølging og ansvar for det pedagogiske arbeidet i avdelinga. Avdelingsleiarar i Rogaland fylkeskommune er i utgangspunktet tillagt 30% undervisning og 70% leiaroppgåver. Denne fordelinga vert vurdert årleg etter skulen sitt behov.
Avdelingsleiaren inngår i leiargruppa, og blir tillagt ansvar og oppgåver utover avdelingsnivået. Skulen søkjer etter ein fleksibel og løysingsorientert person, med gode kommunikasjonsevner, både digitalt, munnleg og skriftleg.
Vedkommande må ha gode samarbeidsevner, men må og kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og effektivt.
Kvalifikasjonar
Krav til stillinga:
- Avdelingsleiar må ha undervisningskompetanse i vidaregåande skule, dvs. godkjend pedagogisk utdanning, samt relevant fagkompetanse
- Erfaring frå arbeid i skule, primært vidaregåande opplæring
- Gode leiareigenskapar
- Godkjend politiattest
Ønska kvalifikasjonar/eigenskapar:
- God sosial kompetanse
- Leiarerfaring/leiarutdanning er ein fordel
- Tydeleg
- Ansvarsbevisst
- Evne til gjennomføring
- Fleksibilitet i høve til arbeidsoppgåver
- Vilje til å finne dei beste løysingane for fellesskapet
- Sjølvstendig, ryddig, løysingsorientert og strukturert
Personlege eigenskapar vert vektlagde ved tilsetjing.
Personlege eigenskapar
Me ynskjer oss medarbeidarar som er positive, engasjerte, fleksible, involverande og tydelege. I tillegg er samarbeidsevne og -vilje nødvendig.Me tilbyr
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver
- Trivelege kollegaer i eit tverrfagleg arbeidsmiljø
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Lønn og arbeidsvilkår fastsett i gjeldande avtaleverk
- Det må sendast elektronisk søknad
Nærare opplysningar kan fåast ved å vende seg til rektor Ruth J. Sæle. tlf. 90585835, ev. pr. mail: ruth.saele at skole.rogfk.no
Vi gjør oppmerksom på at opplysninger om søkeren kan bli offentliggjort selv om søkeren har bedt om ikke å bli ført opp på søkerlisten. Dersom ønsket reservasjon ikke blir tatt hensyn til, vil søkeren bli varslet om dette før offentlig søkerliste blir laget.
Om arbeidsgiveren
Vil du være med å bygge et bedre Rogaland sammen med flinke og engasjerte kollegaer?
- Sektor: Offentlig
- Sted: Litlehagen 2, 5580 Ølen
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Forskning, utdanning og vitenskap, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Andre pedagoger, Inspektør, Lærer/Lektor
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
avdelingsleder, videregående, yrkesfag, undervisning
Annonseinformasjon
- FINN-kode 392461461
- Sist endret