Avdelingsleiar
Bufetat
- Frist 21.02.2025
- Ansettelsesform Vikariat
Avdelingsleiar
Region vest senter for foreldre og barn, avdeling Sudmannske, i Bergen, har ledig 100 prosent årsvikariat som avdelingsleiar. Vikariatet kan forlengast. Senter for foreldre og barn region vest har tre avdelingar som ligg i Førde, Stavanger og Bergen.
Avdelingsleiar er ein del av senteret si leiargruppe og skal vere ein sentral bidragsytar i høve fagleg utvikling og drift av avdelinga, samt bidra til utvikling av senteret i sin heilskap. Vidare skal avdelingsleiaren bidra til at drifta blir utført i tråd med nasjonale kvalitetsmål, gjeldande lovverk, kunnskapsbasert praksis og brukarmedverknad. Avdelingsleiaren har eit særlig ansvar for at kvart enkelt barn og familien vert fulgt opp etter standardiserte forløp for utgreiing og hjelpetiltak for sped- og småbarn.
Vi tilbyr spennande oppgåver knytt til å følge opp senter for foreldre og barn sitt mandat i henhold til barnevernsreforma. Vår primære oppgåve er å tilby spesialisert utgreiing av familiar med sped- og småbarn, som ein del av den kommunale barneverntenesta si undersøking. Målgruppa er dei komplekse sakene der det er knytt stor usikkerhet til om foreldrene kan gi tilstrekkeleg omsorg. Barna i målgruppa er 0-6 år, med prioritering av 0-3 år. Senteret tilbyr utgreiing og hjelpetiltak på døgn, poliklinisk og heimebasert.
Stillinga stiller krav til at søkjaren har erfaring frå barnevernsfeltet. Det er òg ønskjeleg med leiarerfaring, samt erfaring frå arbeid med målgruppa 0–6 år og foreldre. Vi har behov for deg som har engasjement og er oppteken av å vere ein del av ein organisasjon som skal utvikle best mogleg tenester i tråd med til ei kvar tid gjeldande faglege føringar, og som evnar å prioritere i ein hektisk kvardag.
Vi samarbeider tett med kommunale barneverntenester i regionen.
Vi ser etter ein leiar som er positiv, med faglege og strategiske evner.
Arbeidsoppgåver
- Dagleg ansvar for avdelinga.
- Fagleg og administrativt ansvar for avdelinga og ansvar for internkontroll.
- Leie, motivere og følgje opp dei tilsette.
- Sikre at avdelinga blir driftet innafor dei faglige og økonomiske rammane.
- Følgje opp administrative føringar og rapportere i tråd med desse.
- Sikre eit godt arbeidsmiljø saman med dei tilsette.
- Jobbe målretta og systematisk med drift og fagutvikling.
- Kvalitetssikring av drift og arbeidsprosessar.
- Avdelingsleiar må òg rekne med å ta del i avdelinga sine kjerneoppgåver knytt til utgreiing og hjelpetiltak ved behov.
- Bistå einingsleiar med overordna drift av senteret ved behov.
Kvalifikasjonar
Det krevst:
- Minimum bachelorgrad til dømes barnevernspedagog, sosionom eller vernepleiar. Anna relevant høgskuleutdanning kan bli vurdert, dersom søkjaren har erfaring med målgruppa og/eller leiing.
- Barnevernsfagleg erfaring, helst innan fagfeltet sped- og småbarn.
- Erfaring fra barnevern og/eller arbeid med utsette familiar.
- God muntlig og skriftlig framstillingsevne på norsk.
Det er ønskeleg med:
- Relevant videreutdanning tilsvarande 60 studiepoeng eller master.
- Leiarerfaring frå offentlig sektor.
- Minimum 15 studiepoeng innan leiing.
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- Evne til å inspirere og støtte medarbeidarar, samt ha ei positiv innstilling.
- Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert og vere aktiv i utvikling av senteret.
- Framoverlent i samband med utvikling av beste praksis.
- Fleksibel når det gjeld arbeidsoppgåver, både faglege og administrative.
- Evne til å ta avgjerder i komplekse saker.
Vi tilbyr
- Stillinga er plassert i det statlege lønnsregulativet i stillingskode 1407 avdelingsleiar, med lønn fra p.t. kr 660.000 - 730.000 pr. år. Lønnsplassering vert vurdert ut frå utdanning og erfaring. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn bli vurdert.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tjenestepensjonsordning, moglegheit for tilbod om bustadlån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
- Moglegheit til å trene inntil ein time i veka i arbeidstida.
- Fleksibel arbeidstid.
- Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Dirfor ynskjer vi oss medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv. Har du funksjonsnedsettelse, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søkjar til å krysse av i jobbsøkjarportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kallar vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utenom å velge ut rette kandidatar brukar vi ikkje avkrysningane til anna enn anonymisert statistikk.
- Stillinga er for tida lagt til Senter for foreldre og barn, avdeling Sudmannske.
- Politiattest må leggjast fram ved tilsetjing, jf. lov om barnevern § 12-11 andre ledd. Denne attesten skal ikkje leggjast ved søknaden.
- Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlige søjarlista. Dette må i så fall grunngjevast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje blir teke til følgje.
- For å bli vurdert som søkjar, må du leggja ved relevante vitnemål og attestar med stadfesta stillingsstorleik. Vitnemål for utdanning teke i Noreg skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse/NOKUT.
Søknad med CV skal sendast elektronisk via link på denne sida.
Vitnemål og attestar med stadfesta stillingsstorleik og varigheit skal lastast opp elektronisk som vedlegg i Webcruiter, samt takast med ved eit eventuelt intervju.
Om arbeidsgiveren
Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.
Bufetat region vest femner om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen
- Sektor: Offentlig
- Sted: Feråsvegen 13, 5251 Søreidgrend
- Bransje: Helse og omsorg, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Barnevernspedagog, Ledelse, Sosionom
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Ledelse, Barnevern, Vernepleier
Annonseinformasjon
- FINN-kode 392510140
- Sist endret